Meny

Politikk skal verka nær folk!

Politikken skal verka nær folk! -Sentralisering gjer at politikarar vert så profesjonelle og utilgjengelege for dei dei fattar vedtak mot. Då vert det enklare å leggja ned og sentralisere kommunale tenester, seier sentralstyremedlem i Senterpartiet Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal. På Senterpartiets landsmøte i Haugesund 19.-22. mars 2015 tek ho til orde for ei konsekvensutgreiing av sentraliseringsreformene til Høgre og Frp med fokus på likeverdige tenester, verdiskaping og ressursutnytting, beredskap og demokrati.

Konsekvensen av Jørn Rattsøs omorganisering til såkalla robuste og effektive fagmiljø er sentralisering av tenester og avgjerdsmynde som gjer at vanlege mistar påverknad over eigen kvardag. Det finst òg mange døme på den blåblå regjeringa sin sentraliseringsiver: strukturendringar innan politi, brann, landbruk, skatteinnkrevjing, høgareutdanning og domstolsadministrasjon, og sentralisert NAV-reform. - Dette vil forandra Noreg og vil flytta makt og høve til påverknad for vanlege folk, fortset Brattabø Handagard.
 
Brattabø Handegard veit godt sjølv kva sentralisering av tenester vil seia. Mannen hennar er alvorleg sjuk. For omlag 1 år sidan anbefalte Nav lokalt delvis uføretrygd. Dei såg dette som ei kurant sak, bortsett frå at dei ikkje sat med avgjerdsmynde. Den var effektivisert og sentralisert til eit meir robust fagmiljø. Avslaget kom etter 8 månader. Ifølgje NAV var det ikkje sjukdommen som var årsaka til at han ikkje kunne arbeide fullt, fortel Sigrid Brattabø Handegard.
 
-Tidenes sentraliseringseksperiment er utan nødvendig fagleg forankring. Utan at verknadane av alle reformene vert sett i samanheng. Tiltaka har utan tvil verknad for miljø og samfunn. Senterpartiet må krevja ei samla konsekvensutgreiing med fokus på likeverdige tenester, verdiskaping og ressursutnytting, beredskap og demokrati. Berre då har Stortinget grunnlag for å gjere vedtak som står seg i møte med vanlege folk sin kvardag. Politikken skal virke nær folk. Det er det det handlar om, avsluttar Sigrid Brattabø Handegard.