Meny
Bli medlem

Politireformen- og om å ha skoene på.

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Ordførarar over heile landet protesterer om dagen mot politireformen med rasering av antal politidistrikt, nedlegging av lensmannskontor og nedlegging av politiets servicetenester ute i distrikta. Ein god og rett protest frå folkets fremste ombodsmenn i kommunene, skriv Halvor Lurås i Tinn Senterparti

Leiaren for politijuristane, Sverre Wiese Bromander, som blei intervjua i radio om denne saka på radio 21.11.13 var svært klar på at dette skulle ikkje ordførarane blande seg bort i, fordi det var den som hadde skoene på som visste kor den trykte. Altså politimeistrane  etter politijuristens syn.

Sverre Wiese Bromander er her på ville vegar, dei som har skoene på i dette tilfelle er sjølvsagt befolkningen som politiet skal tene og yte service til. Befolkningen blir utrygge og føler at dei ikkje lenger kan stole på at politiet er der og driv forebyggjande arbeid, servicetjeneste og kan koma raskt i krisetilfelle.

Politiet er langt unna i ein bilpatrulje ein eller annan stad og har mindre og mindre lokalkunnskap. Ein politimann får ikkje lokalkunnskap utan å leva i lokalmiljøet inne i det sosialt liv blant folk flest.

Politijuristen representerer, må vi tru, det synet som rår i den faggruppa og det er skræmande. Dei meiner vel derved at folket er til for politiet og ikkje omvendt. Og det er vel slik at det er frå politijuristane politimeistrane blir rekruttert. Politijuristen er vel da ikkje oppteken av det forebyggjande, som etter mi meining er ei av dei viktigaste oppgåvene til politiet. Han tenkjer berre på det etterforskningsmessige når lova allereie er broten. Her må politijuristane setjast på skulebenken for å lærast opp i kva for grunnleggjande samfunnsoppgåver politiet har i samfunnet vårt.