Meny
Bli medlem

PRESSEMELDING: Senterpartiet startar valkampen.

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet går til val med slagordet «ta heile fylket i bruk». Vi vil utvikle fylket til beste for våre innbyggarar. Ei stemme til Senterpartiet vil vere ei stemme for å gjere fylket vårt til ein betre stad å vekse opp, bu, leve og drive næring. Senterpartiet meiner at desentralisering av makt og oppgåver er viktige og berande prinsipp. Det har aldri vore større behov for eit sterkt Senterparti her i fylket enn no
Senterpartiet går til val med slagordet «ta heile fylket i bruk».  Vi vil utvikle fylket til beste for våre innbyggarar.  Ei stemme til Senterpartiet vil vere ei stemme for å gjere fylket vårt til ein betre stad å vekse opp, bu, leve og drive næring.  Senterpartiet meiner at desentralisering av makt og oppgåver er viktige og berande prinsipp.  Det har aldri vore større behov for eit sterkt Senterparti her i fylket enn no. 
 
-          Sogn og Fjordane har i dag den beste vidaregåande skulen i landet.  Elevane har best karakterar og vi har lægst fråfall.  Slik skal det vere også i framtida.  Skal vi klare det må vi utvikle og forbetre skulen.  Vi må i større grad tilpasse skulane til samfunnet og arbeidslivet.  Dette vil gje høve til kunnskapsutveksling begge vegar og gjere det enklare for elevane å få læreplass.
 
Senterpartiet meiner den strukturen vi har er det beste utgangspunktet for dette.  Vi vil så langt som råd er halde på dei skulane vi har i komande periode. 
 
-          Attraktive og varierte arbeidsplassar er viktige moment for auka tilflytting.  Senterpartiet vil styrke arbeidet med næringsutvikling, og legge forholda til rette både for nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande arbeidsliv.  Innovasjon Norge skal vere ein viktig reiskap i dette arbeidet. 
Fylket sine fornybare ressursar må nyttast til vekst for samfunn og næringsliv.
Gode kommunikasjonar og godt utbygd infrastruktur er avgjerande for å skape vekst.  Ved å redusere avstandsulempene vil vi gjere Sogn og Fjordane til eit meir attraktivt bu- og arbeidsområde. 
 
-          Senterpartiet vil legge til rette for senterutvikling ved å styrke tettstadane som knutepunkt i regionane.  For oss vil arbeidet med å oppretthalde og utvikle tenestetilbodet stå sentralt.  Vi går inn for desentralisering av statlege arbeidsplassar.  Ein variert arbeidsmarknad, med både private og offentlege arbeidsplassar, er avgjerande for folkevekst i fylket.
 
-          Kultur er ein viktig trivselsfaktor og gjer lokalsamfunna attraktive.  Senterpartiet vil at Sogn og Fjordane framleis skal vere det beste kulturfylket i landet.  Det skal vere ein kombinasjon av profesjonell kultur og kulturopplevingar ein får gjennom friviljug arbeid.  Alle, uavhengig av geografi eller sosiale skiljelinjer, må få tilgang til kunst- og kulturopplevingar.
 
-          Senterpartiet meiner at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal bestå som ein sjølvstendig høgskule med mange attraktive og relevante studietilbod.    
 
-            Å sikre tryggleik og beredskap for folk er ei prioritert oppgåve for Senterpartiet.  Vi meiner den beste måten å organisere dette på er etter ein fylkesmodell der Politi, Alarmsentral og AMK, saman med andre beredskapsorganisasjonar, har sitt primære operasjonsområde innafor fylket.  God lokalkunnskap og rask responstid er livreddande.  Ein fylkesmodell vil vere best for å samordne og sikre ein god beredskap.
 
-                 Den fylkeskommunale økonomien vert ei stor utfordring i åra framover og vi står framfor store kutt på alle områder.  Senterpartiet meiner statlege myndigheiter må endre fordelingsnøkkelen slik at Sogn og Fjordane og andre distriktsfylke framleis kan tilby gode tenestetilbod til innbyggarane.  Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil føre ein ansvarleg politikk og styre innafor dei rammer som fylkeskommunen har.
 
Senterpartiet i Sogn og Fjordane sine målsettingar ved valet 2015 er:
·             Største parti ved fylkestingsvalet.  Minst ti representantar på Fylkestinget pluss fylkesordførar frå Sp.
·             Minst ti ordførarar og eit betre val enn sist i alle kommunar.
·             Største parti ved skulevalet.