Meny
Bli medlem

Prioriter samferdsle i distrikta no!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Samferdsle er ein føresetnad for busetnad og verdiskaping. I Sogn og Fjordane har vi tunnelar med etterslep, riks-, fylkes- og kommunale vegar som er særs rasutsette og område med manglande fiber og mobildekning.

For at Sogn og Fjordane skal kunne ha same utvikling som resten av landet krev Senterpartiet i Sogn og Fjordane at det skal vere leveringsplikt for breiband av fiberkvalitet og mobildekning i heile landet. Utbygging av breiband skal først og fremst prioriterast der folk bur, ikkje der folk ferierer. Vidare veit vi at breiband, etter vegsamband, er den viktigaste kommunikasjonsføresetnaden for næringslivet.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev at det skal vere trygt å køyre på vegane våre! Det er mange rasutsette vegstrekningar i fylket, og tiltak er naudsynt. Ifølgje Statens Vegvesen har det rasa stein og anna masse nedover fjellsidene i Sogn og Fjordane heile 6 000 gonger dei siste 12 åra.

Senterpartiet er også uroa over det store tunneletterslepet og korleis dette blir nedprioritert i konkurranse med store samferdsleløft i sentrale strøk. Om lag 400 tunnelar her på Vestlandet vert ståande utan naudsamband ved innføring av det nye digitale naudnettet frå 2014. Dette kan vi ikkje godta. Senterpartiet ber om at satsinga på vedlikehald, og då spesielt tunneloppgradering og naudnett, vert vidareført. Ein overordna og fullfinansiert plan for tunnelane våre må kome på plass før nye ulukker, som den i Gudvangatunnelen, rammar fylket vårt.

Senterpartiet skal vere pådrivar for å sikre at Fylkestinget sitt vedtak frå 10.12.2013, om å opprette eiga sak om mest mogleg offensiv bruk av ferjeavløysingsmidlar, vert sett i verk så snart som mogleg.

 

Uttale frå Fylkesårsmøtet 1.mars 2014, Balestrand