Meny

Psykiatriløft for unge!

Sist endret: 16 03 2017
- Skulehelsetenesta må styrkast slik at ho vert eit reelt lågterskeltilbod. Senterpartiet vil ha fleire helsesøstrer og psykiatrisk helsepersonell ut i skulen. Dette skriv Sp sin ungdomskandidat i fleire Hordalandsaviser denne veka.

 

Psykiatriløft for unge!

 

Ein fersk rapport frå  Raude Krossen viser at ein av tre unge føler seg einsame. Mange utviklar òg alvorlege psykiske lidingar som spiseforstyrring, angst og depresjon. Einsemd, psykisk helse og fråfall i skulen heng tett saman. Det er difor viktig å satse på psykisk helse blant unge slik at alle har høve til deltaking og opplever sosial aksept og inkludering. Dette gjeld både på fritida og i skulen.

 

Senterpartiet ynskjer å styrkje møteplassar for ungdom og styrkje lågterskeltilbod for ungdom i skulen og på fritida. Skulehelsetenesta må styrkast slik at ho vert eit reelt lågterskeltilbod. Vi vil ha fleire helsesøstrer og psykiatrisk helsepersonell ut i skulen slik at ungdom som treng det, får nokon snakke med og ikkje møter ei stengd dør med informasjon opningstid mellom 11 og 12 annakvar veke.  Det er òg viktig med helsestasjonar for ungdom med opningstider på ettermiddag og kveldstid.  Ungdom som har utvikla psykiske lidingar må få hjelp raskt. Kapasiteten i barne- og ungdomspsykiatrien må difor aukaust.

 

For å hindra ”utanforskap” er det viktig alle har høve til å delta i fritidsaktivitetar. Senterpartiet vil styrkje frivillige lag og organisasjonar slik at dei kan, saman med kommunane, tilby fritidsaktivitetar og møteplassar for unge. Det kan vere ungdomsklubbar, idretts- og kulturtilbod. Spesielt er det viktig å satse på grupper som fort kan falle utanfor, mellom anna minoritetsungdom, ungdom med funksjonshindringar og unge frå familiar med dårleg råd.

 

Senterpartiet jobbar for eit samfunn der alle føler seg akseptert og inkludert.  Det er  alvorleg at fleire unge opplever ”utanforskap” og at fleire unge får påvist psykiske lidingar. Senterpartiet meiner difor at det er behov for eit psykiatriløft for unge no.

 

Alexander Fosse Andersen

Stortingskandidat for Hordaland Senterparti