Meny
Bli medlem

Psykisk helse: Sp vil prioritere forebygging, barn og ungdom

Sist endret: 27.09.2020
Mental Helses blad Sinn og Samfunn har spurt partiene om politikk for psykisk helse. Her kan du se Senterpartiets svar, som ved en lei inkurie fra vår side ikke kom inn tidsnok til å komme på trykk.

 

Partileiar Liv Signe Navarsete svarer bladet Sinn og samfunn: 

 

1. Psykisk helse er ikke en del av finansieringsordningen til samhandlingsreformen, slik somatiske helsetjenester er. Mental Helse mener det resulterer i at kommunale psykiske helsetjenester ikke blir prioritert. Når og på hvilken måte vil ditt parti sørge for at kommunene får økonomiske virkemidler som stimulerer til å satse på psykiske helsetilbud i kommunen?

Senterpartiet har sikra kommunane ein inntekstvekst på meir enn 67 milliardar kronar dei siste åtte åra, i tillegg til at det som tidlegare var øyremerkte middel til psykiatri er lagt inn i dei frie inntektene til kommunane og rammene til helseføretaka, krone for krone. Dette er ein del av opptrappingsplanen for psyisk helse, som er gjennomført slik det var lova. Vi har no endra helse- og omsorgstenestelova slik at ho slår fast det kommunale ansvaret for å yte riktige og gode tenester til personar med psykiske lidingar.

Likevel: Dagens tilbod er ikkje godt nok. For mange psykisk sjuke døyr for tidleg, og for mange blir sjuke fordi vi førebyggjer for lite. Fastlegane må få ei heilt tydeleg rolle, og vi må styrkje forskning og fagutvikling i allmennmedisinen. Senterpartiet vil halde fram med å jobbe for større inntekter til kommunane, og stille krav om at veksten for psykiatri og rus også i framtida skal vere større enn for somatiske sjukdomar.

 

2. Kommunale psykiske helsetilbud kan bestå av forskjellige løsninger, og det er kanskje det brede spekteret av tjenester og profesjoner, forebygging og helsehjelp som er det beste. Hva tenker ditt parti må inkluderes i oppbyggingen av et godt kommunalt psykisk helsetilbud?

Vi vil prioritere opp psykisk helsearbeid for barn og unge, få ventetidene ned og gjennomføre ventelistegarantien for dei under 23 år. Dette er også ei hovudsak for Senterungdomen. Lokalt treng vi å jobbe meir med førebygging i barnehage og skole, og sikre ei tverrfagleg skulehelseteneste, som har fast koordinering med barne- og ungdomspsykiatrien.

Så må vi ivareta rettane til personar med psykiske lidingar betre. Då peikar eg på meir brukarmedverknad og meir kunnskap og kompetanse lokalt, noko som krev haldningsendringar. Kommunane har meir ansvar enn før. Dette krev fleire psykologar og anna personell med spesialutdanning til kommunehelsetenesta, og vi vil setje konkrete krav til kompetanse. Mange som får tilvising til psykisk helsevern i dag, møter ikkje psykiater eller psykologspesialist. Dette kan føre til mangelfull diagnose, behandling eller oppfølging. Vi må få til betre samarbeid mellom det lokale tilbodet og spesialistane, og har allereie gitt offentleg tilsette psykologar og psykiaterar tilvisingsrett til delar av spesialisthelsetenesta. Ambulerande team frå dei distriktspsykiatriske sentera vil vere eit verdifullt tilskot. Senterpartiet vil at alle skal ha tilgang til lågterskeltilbod.

Som kommunalminister har eg også ansvar for bustadpolitikken, og eg vil halde fram satsinga på å byggje fleire bustader tilpassa menneske med psykiske lidingar og andre grupper med spesielle bubehov.