Fylkesstyret i Møre og Romsdal Senterparti etter valget på fylkesårsmøtet 1.-2. mars 2014.
Leder Ragnhild Aarflot Kalland Volda ny
1. nestleder Geir Inge Lien Vestnes ny for 1 år
2. nestleder Olav Myklebust Sande ikke på valg
Studieleder Einar Grønnes Surnadal gjenvalg
Styremedlem Tove Henøen Fræna ny
Styremedlem Sondre Ormset Surnadal ny
Styremedlem Magnhild Vik Rauma ikke på valg
1. vara Vebjørn Krogsæter Haram ny
2. vara Ingunn Golmen Aure ikke på valg
3. vara Lise Bjerknesli Surnadal gjenvalg
4. vara Tore N. Uggedal Giske ikke på valg
5. vara Leif Inge Grebstad Sykkylven ny
6. vara Maritta B. Ohrstrand Kristiansund gjenvalg
I tillegg :
Lederen av fylkestingsgruppa: Oddbjørn Vatne
Leder av Senterungdommen : Marit Nerås Krogsæter
Uttalar vedtatt på fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Senterparti 1. og 2. mars 2014:
Kommunesamanslåing skal vere frivillig.
Møre og Romsdal Senterparti vil at innbyggjarane sjølv skal få bestemme om kommunar skal slå seg saman eller ikkje.
For store kommunar gjev mindre lokaldemokrati og større avstand mellom folket og makta.
For å oppretthalde eit desentralisert busettingsmønster som kan ta alle ressursane i landet i bruk er det viktig at dei som styrer har kjennskap til og vilje til å prioritere dei tenestene lokalmiljøet treng.
Samanslåing av kommunane med tvang gir ikkje nødvendigvis eit betre tenestetilbod til innbyggarane. Om ei kommune vel å slå seg saman med ein eller fleire nærliggande kommunar, må dette vere ut frå ei målsetting om å gi innbyggaren eit betre tilbod.
Møre og Romsdal Senterparti vil:
- Oppretthalde ein desentralisert busettingsstruktur.
- At alle kommunesamanslåingar skal skje frivillig.
------------------------------------------------------------------------------------
Matproduksjonen er ei nasjonal oppgåve og jordvernet må styrkast.
Møre og Romsdal Senterparti meiner jordvern, matsikkerheit og beredskap er viktig for å sikre kommande generasjonar nok og trygg mat.
Verdas kornlager minkar samtidig som folketalet på jorda aukar. Ustabile politiske forhold og truande klimaendringar gjer at Norge må også bidra til matsikkerhiet for eigne innbyggjarar.
Kortreist, trygg og god mat er òg god miljø- og klimapolitikk.
Folketalet i Norge vil auke med om lag 20% dei neste 20 åra og matproduksjonen må difor aukast minst tilsvarande.
Målet om at Norge skal produsere mat til eiga befolkning sett krav om vern av dyrkajorda.
For å nå måla om auka matproduksjon og matsikkerheit må vi:
- Ha ein nasjonal politikk som vernar om matjorda.
- Ha betre juridisk vern av matjorda.
- Gjeninnføre beredskapslager for korn.
- Betre økonomien for matprodusentar.
-------------------------------------------------------------------------------------
Stopp frafallet i videregående skole!
En av tre elever har ikke fullført videregående opplæring fem år etter at de begynte. Situasjonen er mest alvorlig i yrkesfagene hvor rundt halvparten ikke har fullført innen fem år.
Frafall i videregående skole øker risikoen for å bli varig uføretrygdet. Utdanning og kompetanse er viktige faktorer som påvirker de unges muligheter for varig deltagelse i arbeidslivet og sunn samfunnsdeltagelse.
Mer praktisk rettet læring i grunnskolen kan forhindre frafall i videregående skole.
Møre og Romsdal Senterparti vil:
- Arbeide for en skole som tidlig fanger opp elevene som sliter.
- Arbeide for en mer praktisk rettet grunnskole.
- Legge bedre til rette for alternative utdanningsløp, som for eksempel ordninger som kombinerer yrkesfag og studiespesialiserende fag.
- Ha en skole der man satser på erfaringsbasert læring og styrking av selvtillit, gjennom relasjonsbygging og mestringsopplevelser.
------------------------------------------------------------------------------------
Ferjekapasiteten er sprengt!
I Møre og Romsdal er vi avhengig av ferjene. Det er difor viktig at alle samband har god kapasitet og flest mogleg avgangar.
Kapasiteten i fleire ferjesamband er allereie sprengt. I ferjesambandet over Halsafjorden er det med dagens to ferjer alt for mange av bilane som står att. Det er spesielt i helgane og på sommaren at trykket er verst på sambandet. I sambandet Molde- Vestnes er det òg i ferd med å bli kritisk kapasitetsmangel. Her går det i dag tre ferjer og ei fjerde ferje må på plass snarast mogleg.
Fleire av fylkesvegsambanda har vore ute på nye anbod. Kostnaden har auka med om lag 40 %. Dette er ikkje kompensert av staten.
Møre og Romsdal Senterparti vil at:
- det i revidert nasjonalbudsjett til våren må løyvast pengar til ei ekstra ferje i sambanda Halsa –Kanestraum og Molde – Vestnes.
- staten kompenserer fullt ut den store kostnadsauken på fylkesferjesambanda.