Meny
Bli medlem

Reality bites, Solveig!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det er underhaldande å lese Høgre sin 2.kandidat Solveig S. Abrahamsens forsøk på å fossro frå konsekvensane av eigen politikk, slik ho gjer i TA 15. august. Høgre vil ta frå kommunane i Telemark og gi til rikare kommunar andre stader. Abrahamsen påstår Senterpartiet sitt reknestykke er feil, men me har berre rekna på det Høgre sjølv har foreslått, og Høgre har hatt eit halvår på seg til å vise kva som er feil med talla.

. Abrahamsen påstår at kommunane vil bli kompensert, men det har lite truverde frå eit parti som strupa kommuneøkonomien sist dei sat i regjering. Når Høgre i tillegg vil fjerne formueskatten – ein skatt kommunane og får sin andel av – blir resultatet eit dårlegare velferdstilbod til dei som bur i Telemark. Det må smerte for ein distriktsordførar som Abrahamsen, men det er like fullt konsekvensane av hennes eige parti sin politikk. Senterpartiet vil fortsette å styrke kommuneøkonomien betydeleg og framover.