Meny

Redningselskapet sin hovudbase fortsatt i Måløy

Redningselskapet har ute på høyring ein stasjonsplan som føreslår å flytte redningselskapet sin hovudbase frå Måløy til Florø.

Vi vil minne Redningselskapet på alle kvinner langs heile kysten som har strikka, sydd og hekla gevinstar til utallige basarar for å få inn pengar til selskapet. Dette har kvinner gjort fordi dei har sett nødvendigheta av å ha eit Redningsselskap å stole på når nauda er størst.  Desse kvinnene ser det som ei sjølvfølgje at Redningselskapet legg til rette for at drifta skal vere mest mogleg optimal og effektiv, og at basane er plassert på strategisk rette stadar i forhold til havområda våre.

Når Redningselskapet no vi flytte hovudbasen sin frå Måløy til Florø vil Sentervinnene i Sogn og Fjordane påpeike nokre viktige moment i saka. 

  • Stadhavet er av sjøfarande sett på som det farlegaste havstykket i heile landet, der det har gått med 34 menneskeliv sidan krigen.
  • Kråkenes fyr er den vêrstasjonen der det vert målt oftast og sterkast vind i heile landet.

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane kan ikkje sitje stille og sjå at Redningselskapet forringar beredskapen på Stadhavet.  Vi vil på det sterkaste oppmode om at Redningsselskapet sin hovudbase fortsatt blir i Måløy, og at ein held fram med dagens ordning.

 

Uttale frå fylkesårsmøte til Senterkvinnene Sogn og Fjordane
Førde 18.januar 2014