Meny
Bli medlem

Reform utan innhald

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet har tru på Sogn og Fjordane som eige fylke i framtida. Dessverre er det ikkje alle som er like sterke i trua som oss.

Regjeringa og Stortinget forventar at fylka skal gjere vedtak om samanslåing utan å vite om det vert fleire oppgåver, om fylkesmannen forsvinn til Bergen, og om det i det heile teke er aktuelt å flytte ut statlege arbeidsplassar frå Oslo til andre stadar i landet. Skal vi leggje ned Sogn og Fjordane fylke i byte mot vage lovnader?

 

Senterpartiet sitt grunnsyn er at demokratiet fungerer best om avgjerdene vert tatt nær dei det gjeld.  Vi treng eit regionalt folkevald nivå nær folk for å sikre nærleik, lokal kunnskap og at politiske avgjerder vert tatt av folk som er tett på innbyggarane. Om  dei tre vestlandsfylka slår seg saman vil Sogn og Fjordane ha om lag 100 000 av 1,1 million innbyggjarar i den nye regionen.  Vil til dømes våre vegbehov og våre elevar verte høyrde i konkurranse med andre meir befolkningstette område?  

 

«Med nye robuste regionar skal landet byggjast», seier regjeringa med Jan Tore Sanner i spissen. Men kvifor vil regjeringa reformere fylkeskommunen når begge regjeringspartia har programfesta at dei vil leggje den ned?  Eg meiner at utan å tilføre nye oppgåver til fylkeskommunen så vil større regionar berre føre til at ein skapar eit nytt regionnivå som folk opplever som meir irrelevant og fjernt. Dette vil gjere det lett for Høgre og Framstegspartiet å legge ned det regionale folkevalde nivået i neste omgang. Eg tvilar ikkje på intensjonane til Venstre om meir regional styring, men her ser det ut til at dei har sett framtida til mange fylkeskommunar i spel i bytte mot vage lovnader om utflytting av statlege arbeidsplassar. Som i kommunereforma har ein starta ei reform med å teikne kartet først. Dette er ein håplaus strategi, utan konkret innhald i form av oppgåver, utflytting av statlege arbeidsplassar og lokalisering av fylkesmannen så vert dette litt som om ein trur på julenissen eller ikkje når ein skal gjere vedtak i desember.

 

Eg er skuffa over at mange ikkje ser at Sogn og Fjordane har livets rett. Det ser vi i utspel mellom anna frå Frp der dei vil at  Nordfjord skal bli ein del av Møre og Romsdal. Derfor trur eg det er ein rett strategi å vere i førarsetet og ta styringa over prosessen sjølve. Når vi no forhandlar med Hordaland og Rogaland gjer vi det vanskelegare å splitte fylket, eg har vore tydeleg på at vi ikkje skal delast. Så har vi eit mål om å sikre flest mogleg av dei arbeidsplassane og funksjonane vi har i tilfelle Stortinget vedtek at det vert 10 nye regionar, då ser vi at Sogn og Fjordane som eit lite fylke står utsett til.

 

I Sogn og Fjordane får vi til utruleg mykje, her vart aldri nokon oljeboom, men no ser vi at mange av dei andre næringane som vi har vore sterke på går godt. I tillegg veks det fram mange spennande teknologimiljø rundt om med nye verksemder og arbeidsplassar som resultat. Dette er resultat av eit godt samarbeid mellom offentlege og private aktørar med lokal styring av regionale utviklingsmidlar frå fylkeskommunen og tilskot frå Innovasjon Norge til dømes. Vi skårar høgt på mange statistikkar og har gode skuleresultat. Dette er resultat av prioriteringar gjort av oss som bur her. Kvart år står hundrevis av ungdomar på rekrutteringsmessene til Framtidsfylket og ynskjer å arbeide i Sogn og Fjordane. Er dette teikn på eit fylke som ikkje greier seg sjølve? Lokalkunnskap saman med styring over oppgåvene vert ikkje mindre viktig framover dersom vi skal greie å få til omstilling, skape nye arbeidsplassar og få fleire til å busette seg her .

 

Det vert ein spanande haust. Vi er eit fylke i vekst, vi har no ei folketalsutvikling som er betre enn mange fylke som vi har samanlikna oss med før. Då er det viktig at vi byggjer vidare på det som vi veit fungerer godt og ikkje riv det ned. Det er mange som er ivrige til å snakke ned fylket vårt i staden for å sette seg ned å sjå på kva vi i fellesskap kan få til. For Senterpartiet i Sogn og Fjordane er det omsynet til innbyggjarane som kjem til å vege tyngst i denne saka. Ikkje omsynet til nok eit prestisjeprosjekt frå den blå-blå regjeringa.

 

Sigurd Reksnes

Fylkesleiar for Senterpartiet

Gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget.