Meny
Bli medlem

Regionaliseringsfella

Sist endret: 27.09.2020
- Vi kan sjå for oss tre prinsipielt ulike modellar for regionar og kommunar, skriv Kristin Sørheim, Sps gruppeleiar i Møre og Romsdal fylkesting.
 
 
- av Kristin Sørheim, gruppeleiar for Senterpartiet i Møre og Romsdal fylkesting
 
Regjeringa kjører hardt for å få gjennom to store strukturgrep i landet – kommunesamanslåing og fylkessamanslåing – utan å vere tydeleg på kva som er målet. Kanskje er det utydeleg fordi den politiske høgresida ikkje har samme mål som støttepartia V og KrF.
 
Viss vi ser på reformer i andre land og det teoretiske grunnlaget for ulike modellar, er det nesten til å bli skremt av kor lite prinsipiell debatten har vore i vår andedam og kor lite vi har lært av andre sine feiltrinn.
 
Den kontinentale europeiske forvaltningstradisjonen legg vekt på sterke regionar med folkevald styre. Kommunane er gjerne små og løyser oppgåver der det er viktig med nærleik. Lokaldemokratiet er omfattande på alle nivå.

Den anglosaksiske tradisjonen bygger på store, statsstyrte regionkommunar og regionnivå med lite makt. Modellen er skreddarsydd for fristilling, konkurranseutsetting og privatisering.
 
Vi kan sjå for oss tre prinsipielt ulike modellar:
 
Storkommunemodellen – der kommunane forvaltar mange oppgåver men er sterkt statsstyrte. I slike storkommunar får vi ofte styring i fristilte, konkurranseutsette selskap der lokaldemokratiet ikkje har nokon funksjon. Helseforetaksmodellen er i ferd med å bli eit slikt selskap, og det finst mange andre døme særleg i dei største byane.
 
Demokratimodellen – der dei nye regionane får reell folkevalt makt over dei mange regionaliserte statsforetaka, som vegvesen, helseforetak, høgare utdanning og forskning. I denne modellen kan vi ha mange og relativt små kommunar, som på sjølvstendig grunnlag forvaltar nær-oppgåvene.
 
Konsernmodellen – der fleire fylke blir slått saman til større regionar, men utan reell politisk makt. Regionale utviklingsselskap og regional planlegging  utan formell makt, styremedlemmer i statlege regionale selskap som helseforetak og Innovasjon Norge er døme på oppgåver. Dette blir meir som eit folkevalt konsernstyre på vegne av staten. Akkurat no ser det ut til at det er dit regjeringa vil ha oss.
 
I 2010 mislykkast den raudgrønne regjeringa med å få til ei framtidsretta demokratiseringsreform. Så langt har den sitjande regjeringa og støttepartia heller ikkje gjeve noko klar retning. Dermed er det ikkje grunnlag for å drive med konsulentutgreiingar og skrive verdilause intensjonsavtalar mellom kommunar og mellom fylke. Viss Stortingsfleirtalet mannar seg opp til å gå for «demokratimodellen», stiller saka seg heilt annleis og da skal vi bidra. Men vi går ikkje inn og hjelper til med å få fylke og kommunar inn i denne regionaliseringsfella der verken mål eller premissar er avklara, men der det allereie er tydeleg at lokaldemokratiet blir svekka og fristillinga frå politisk styring blir forsterka.