Meny

Regionreforma: Sp i fylkestinget

Sp har vore tydeleg på at me meiner det er for få oppgåver til regionane. Det er viktig at krava om oppgåver vert følgt opp av sentrale styresmakter.Vi er likevel positive til å gå mot Sogn og Fjordane for om mogleg å få til ein samarbeidsavtale.

 

Senterpartiet i fylkestinget:

-  Sp har vore tydeleg på at me meiner det er for få oppgåver til regionane. Det er viktig at krava om oppgåver vert følgt opp av sentrale styresmakter.Vi er likevel positive til å gå mot Sogn og Fjordane for om mogleg å få til ein samarbeidsavtale.

Slik vart vedtaket i fylkestinget:

«1. Fylkestinget viser til inngått intensjonsavtale for etablering av Vestlandsregionen og går inn for at Hordaland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune går saman i ein ny folkevald region på Vestlandet.   Det er ein viktig føresetnad at krava om oppgåver som er fremja i kapittel 10 i Intensjonsplanen vert følgt opp frå sentrale styresmakter både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver. Fylkestinget søkjer med grunnlag i inndelingslova om slik samanslåing.

2. Fylkestinget vil understreke at folketal og geografisk utstrekning ikkje må vere til hinder for etablering av Vestlandsregionen i ein ny regionstruktur, og at generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom statlege og regionale ansvarsområder må kunne fråvikast i ein regionstruktur med svært ulikt innbyggjartal i dei nye regionane. Fylkestinget ber om at oppgåvedifferensiering vert lagt inn i mandatet til ekspertutvalet som skal vurdere  overføring av nye statlege oppgåver til regionalt folkevald nivå.    

3. Fylkestinget går inn for at nynorsk vert administrasjonsspråket i den nye Vestlandsregionen.    

4. Fylkestinget i Hordaland ønskjer primært ein Vestlandsregion som består av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Fylkestinget i Rogaland har sagt nei til ei slik løysing. På denne bakgrunn gjev fylkestinget i Hordaland det oppnemde forhandlingsutvalet for regionreforma fullmakt til a? starta opp ny dialog og gjennomføra nye forhandlingar om ein intensjonsavtale for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland.  Fylkestinget i Hordaland er positiv til at einskilde kommunar i Nord- Rogaland som ønskjer å bli ein del av den nye Vestlandsregionen søkjer om det».