Meny
Bli medlem

Regjeringa må sikre vidare drift av Sogn og Fjordane barne- og familiesenter og i framtida

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet i Sogn og Fjordane er tilfredse med at barne-, likestillings- og familieminister Solveig Horne no har stoppa prosessen med nedlegging og sentralisering av Sogn og Fjordane barne- og familiesenter i Førde.

Sogn og Fjordane barne- og familiesenter gjer ein særs viktig jobb for foreldre og dei yngste borna våre som medverkar til at foreldra kan vere gode omsorgspersonar og at familiane kan leve gode og stabile liv. Å sentralisere dette tilbodet vil føre til at ei sårbar og ressurssvak gruppe i samfunnet vårt ikkje får den hjelpa dei har behov for. Dette vil og føre til auka samfunnsøkonomiske kostnader på lengre sikt.

 

Senteret har viktig kompetanse og spesialiserte tenester som kommunane har behov for og utgjer eit naudsynt supplement og er ein viktig støttespelar til den kommunale barneverntenesta. Små og mellomstore kommunar vil ikkje kunne greie å ha slike spesialiserte miljø ståande til ein kvar tid. 

 

Senterpartiet ynskjer eit sterkare trykk på førebygging i staden for reparasjon på alle samfunnsområde. For å sikre dette tilbodet i framtida, er det naudsynt at tilbod om familierettleiing og –trening, vert lovfesta.  Vi forventar at Regjeringa ser behovet for eit slikt tilbod i heile landet og at det av omsyn til barna sine behov, vert  gjeve økonomisk rom for at barne- og familiesentra vert oppretthaldne.

Fylkesstyret Senterpartiet Sogn og Fjordane, 21.3.2014