Meny
Bli medlem

Regjeringa på villspor i landbrukspolitikken

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland
Regjeringa og landbruksminister Sylvi Listhaug har ikkje akkurat skapt optimisme og framtidstru i landbruket på dei snart 3 månadene i regjeringskontora. I valkampen åtvara Senterpartiet veljarane mot at ei blå regjering ville svekkje landbruket, byggje ned matjord og føra ein distriktsfientleg politikk. Det som då blei omtala som skremselspropaganda frå dei raud-grøne, har dessverre vist seg å stemma. Eg skal her ta fram nokre døme på det.

Regjeringa og landbruksminister Sylvi Listhaug har ikkje akkurat skapt optimisme og framtidstru i landbruket på dei snart 3 månadene i regjeringskontora. I valkampen åtvara Senterpartiet veljarane mot at ei blå regjering ville svekkje landbruket, byggje ned matjord og føra ein distriktsfientleg politikk. Det som då blei omtala som skremselspropaganda frå dei raud-grøne, har dessverre vist seg å stemma. Eg skal her ta fram nokre døme på det. H/FrP regjeringa har sagt at dei vil reversera tollgrepet for ost, lam- og storfekjøt og reiste til Brussel og varsla EU om dette utan å vita at regjeringa hadde fleirtal i Stortinget. Heldigvis hadde Venstre mot til å setja foten ned og ikkje støtta regjeringa likevel. All honnør til Venstre for det, men for regjeringa må det jo vere eit gedigent magaplask – rett og slett flaut spør du meg. Regjeringa vil også kutta i overføringane. Dette vil ramma dei grovforbaserte produksjonane – ja både små og store bruk. Med unntak av Jæren, delar av Austlandet og Trøndelag har me i Norge ikkje store, og samanhengande landbruksområde som ligg til rette for storskaladrift. Problemet er berre at terrenget ikkje passar til regjeringa sitt kart. Konsesjonsgrensene skal mjukast opp utan at ein tar hensyn til marknads situasjonen. Dette vil etter Senterpartiet sitt syn forsterka struktur rasjonaliseringa og gje mindre lønnsomhet i kraftforbaserte produksjonar. Ideen til Listhaug er å fjerne konsesjonsplikta. Resultatet blir at prisen på jord aukar, og dei som verkeleg ønsker å gå inn i landbruket, vil ikkje ha råd til det. Regjeringa har også varsla kutt i beredskap av korn. Listhaug meiner at det ikkje er noko risiko for at me i framtida kan få kjøpt den maten me treng frå andre land då «Norge vil være betalingsdyktig selv ved en betydelig prisoppgang på mathvete». Dette er å lukka augo - totalt historielaust av landbruksministeren. Regjeringa vil ha eit tydelegare skilje mellom landbruks- og distriktspolitikk. Senterpartiet trur at eit slikt skilje vil svekka målsetjinga om eit aktivt landbruk i heila landet. Regjeringa sitt mål er eit landbruk med større bruk i sentrale strøk. Mangfaldet og næringsutviklinga i distrikta blir taparane. Jordvernet står ikkje høgt på regjeringa si dagsorden. Storsamfunnet sine behov veg tyngre enn matjord når t.d 70 dekar høgkvalitets matjord i Akershus blir omdisponert til IKEA, ca.1000 dekar matjord i Trondheim nå blir frigitt til utbygging, og den same ideen har landbruksministeren for Østfold. Og dette er berre byrjinga. Landbruksministeren har sjøl vakse opp på gard og har «drukke mjølk rett frå tanken» som ho seier det. Ho kan ikkje ha fått så mykje med seg då ho ser vekk frå landbruket si betydning både for matproduksjon og næringsaktivitet i heila vårt langstrakte land. KrF og Venstre har eit stort ansvar for landbrukspolitikken som regjeringa fører. Det er tross alt desse partia som har bidratt til å få på plass H/FrP regjeringa. Senterpartiet og fleire med oss set vår lit til at KrF og Venstre stoppar regjeringa si framferd i landbrukspolitikken, men då må dei vakne raskt. Når eg les Klassekampen 23.12.13 blir eg uroa når Venstre leiar Trine Skei Grande varslar at ho vil leggja seg på H/FrP linja i landbrukspolitikken. Det kan fort bli dyrt å retta opp den risikosporten som regjeringa legg opp til! I Stavanger Aftenblad 20.12.13 har tidlegare sjefsredaktør Tom Hetland ein glimrande kommentar under overskrifta «Slagord for eit anna land» der han seier at «Sylvi Listhaug vil ha fleire storbønder, men har ho tenkt på korleis Norge ser ut? Sylvia Listhaug har levert mykje luftig retorikk. Neste år må ho stikka fingeren i jorda, i norsk jord vel å merka.»