Meny
Bli medlem

- Regjeringa prioriterer ikkje naudsynt humanitær støtte til Syria og Sør-Sudan

Sist endret: 27.09.2020
Regjeringa varslar auka utgifter til militære operasjonar i Syria og Sør-Sudan, men har ikkje dei naudsynte påplussingane på budsjetta til humanitær hjelp. - Dette vert gjort i ein situasjon der den humanitære katastrofen i desse landa aukar nærast dag for dag. Denne prioriteringa er uforståeleg, seier Liv Signe Navarsete (Sp).

 

- At regjeringa vektlegg å styrkje militære operasjonar til fordel for å betre levekåra og den håplause situasjonen dei sivile no er i tykkjer eg er trist.  Senterpartiet vil arbeide for at Stortinget gjennom si handsaming av revidert nasjonalbudsjett aukar løyvingane til humanitær hjelp ovanfor Syria og Sør-Sudan, seier Senterpartiets medlem av utanriks- og forsvarskomiteen, Liv Signe Navarsete.