Meny

Resolusjonane frå fylkesårmøtet 13. -14 februar 2015

Desse resolusjonane blei vedteke. Folket må bestemme Hordaland Senterparti krev auka satsing på samferdsel i Hordaland Ja til eit trygt og godt arbeidsliv Nytt fengsel i Hordaland Ja til søndagfri. Ja til trygg mat og eit bærekraftig landbruk

Folket må bestemme

Regjeringa si «kommunereform» teiknar til å vere ei reform for overføring av makt frå lokaldemokrati til byråkrati. Den burde ha starta med kva oppgåver kommunane skal ha.

Senterpartiet meiner som utgangspunkt at avgjerder bør fattast så nær innbyggjarane som mogleg. Derfor bør oppgåver så langt det høver flyttast frå stat til fylke og frå fylke til kommune. 

Oppfattinga om at stort og robust alltid er best er misvisande og stemmer ikkje med realitetane.

Hordaland Senterparti er positiv til kommunesamanslåingar når dette kjem etter ynske frå innbyggjarane. Senterpartiet meiner at dette skal avgjerast gjennom folkerøysting i dei aktuelle kommunane og går mot bruk av statleg tvang.

--------------------------------------------

Hordaland Senterparti krev auka satsing på samferdsle i Hordaland

Hordaland Senterparti er uroleg for signala frå den blåblå regjeringa om å nedprioritera vegprosjekt utanfor det sentrale austlandsområdet. Vi krev sterkare gjennomføringskraft for viktige prosjekt i Hordaland.

Hordaland Senterparti vil satse på E134 over Haukeli og riksveg 7 over Hardangervidda som prioriterte riksvegar. Sikre heilårsvegar vil styrke konkurransevna til næringslivet i heile Hordaland.

Hordaland Senterparti vil også byggje Vestlandet saman nordover gjennom prioritering av Nyborgtunellen og ferjefri kryssing av E39 over Sognefjorden.

Statens Vegvesen og Jernbaneverket har saman utgreidd ny E16 og bane Arna-Voss i felles prosjekt. Hordaland Senterparti krev utbygging av dette prosjektet.

Hordaland Senterparti ynskjer framleis at E39 skal byggjast som ferjefri indre trase. Det er naturleg at brusambandet over Langenuen mellom Stord og Tysnes vert lagt så langt sør som mogeleg, rundt Jektevik-Hodnaneset.

Hordaland Senterparti meiner at Hardangerviddetunellen på riksveg 7 Hardangervidda må byggjast.

Hordaland Senterpartiet krev at prosjekta kjem  med i neste transportplan.

-------------------------------------------------------------------

 Ja til eit trygt og godt arbeidsliv for alle

Arbeidsinnvandringa er ute av kontroll, noko som fører til uakseptabel undergraving av sentrale velferdsordningar og bidreg til å utkonkurrere lovlydige verksemder. Det vert  stadig meir arbeidsmarknadskriminalitet som fylge av tilgangen på billeg utanlandsk arbeidskraft. Spelerommet for kriminelle aktørar vert stadig større. Desse undergrev sentrale løns-og arbeidsvillkår i utsette delar av norsk arbeidsliv og gir omfattande  auke av svart arbeid og tilsvarande store tap av skatteinntekter til vår felles velferdskasse.

Unge lærlingar kjem ofte bak i køen når verksemder kan ty til 2-3 EØS-arbeidarar framfor lærlingar.  Dette svekkjer oss når det gjeld å sikre kompetanse og å utdanna folk med fagbrev i typiske yrkesfag, særleg innanfor bygg og anlegg, som er spesielt råka av arbeidsinnvandringa frå EØS.

Dette er ein av fleire grunnar til at Hordaland Senterparti ynskjer  å seie opp både EØS- og Schengen-avtala.

--------------------------------------------------------

Nytt fengsel i Hordaland

Denne veka vart det meldt at Bergen kretsfengsel har for låg kapasitet. Innsette som skulle ha sete inne, måtte lauslatast. Det er også kjent at Noreg generelt har for liten fengselskapasitet og at regjeringa vil leige kapasitet i Nederland. 

Hordaland Senterparti meiner at det bør byggjast eit nytt fengsel i Hordaland i tillegg til dagens fengsel i Bergen. Det nye fengselet bør leggjast til indre Hordaland.

-----------------------------------------------------------

Ja til søndagsfri

Hordaland Senterparti seier nei til fleire søndagsopne butikkar. Dette er eit verdival for Senterpartiet. Søndagen bør haldast på som ein dag ulike dei andre dagane i veka. Friluftsliv, søndagsturar og tid med familie og vener er ein viktig del av søndagen for mange. For mange er dette også ein viktig kyrkjedag. Det er stadig sterkare press på fritida vår. Ei utviding av søndagsopne butikkar vil gjere kampen om tida sterkare. Det å overlate spørsmålet om søndagsopning til den einskilde kommunen vil vere uheldig i og med at konkurransevriding vil medføre at den lokale sjølvbestemminga i praksis ikkje vil vere reell. 

-------------------------------------------------------------------

Ja til trygg mat og eit bærekraftig landbruk.

Regjeringa sin politikk svekkar Noreg si evne til matproduksjon på norske resurssar.

Skal ein nå målet om auka norsk matproduksjon, må det lønne seg å bruka alt areal, og praktisera eit sterkt jordvern.

Landbruket treng eit stabilt tollvern og overføringar som sikrar lønnsemd i ulike bruksstorleikar over heile landet.

Dette sikrar trygg mat, eit mangfall av produkt og levande bygder.