Meny

Ribbe med fareskilt

Sist endret: 16 03 2017
Senterpartiet meiner at eit prinsipp som burde vera enkelt å styre etter, er at maten som skal på våre bord skal vera trygg å eta!

Kva slags mat er det vi skal servere på julekvelden?
For heimen vår er det ribbe som gjeld. Men nå er det usikkert kva slag ribbe og kva kvalitet vi kan  få tak i.

 

Nå ser vi at kvar femte ribbe som skal serverast på julekvelden blir utanlandsk.
Dette er noko bla Norgesgruppen aktivt har lagt opp til gjennom prisdumping av norsk svinekjøtt. Dette gjer at norsk ribbe vert utseld og dei kan fortsetja prisdumping med tysk ribbe til jul!
Tysk og særleg dansk svineproduksjon veit vi har store problemer med den farlege MRSA-bakterien. Frå her kjem altså redninga for den norske jula! Billeg ribbe kjøpt på Coop, kanskje iblanda litt MRSA-bakterie. Dette set ein ekstra spiss på smaken av ribba til jul!

Er det slik vi forbrukarar vil ha det? Er det dette vi vil servere våre gjestar i jula?
Ikkje eg i allfall! Og fleire seier nå nei til dette. Nå bør forbrukarane nytte sin makt til å protestere. Dette vil vi ikkje ha i butikkane våre!
Men politikarane kan og må reagere også!  Senterpartiet meiner at eit prinsipp som burde vera enkelt å styre etter, er at maten som skal på våre bord skal vera trygg å eta!  
Det kan vi gjera gjennom å innføre strengare importrestriksjonar.

Import av svinekjøtt som er infisert av MRSA-bakterien må stoppast! Vi må krevja at alle parti av kjøtt, også det som importerast frå EU skal kontrollerast!
Maten som hamnar i butikkhyllene og kjølediskane våre må ha godkjent merking, som syner klart kvar produktet kjem frå og kva det inneheld!


Så viktig er det vi putter i oss av mat for vår folkehelse at det er det minste vi kan forlange!
Sjukdom og infeksjonar pga av bakterier vi får i oss gjennom maten, kostar samfunnet enormt både helsemessig men også økonomisk.

Nå må ansvarleg Matministar Sylvi Listhaug  vera sitt ansvar bevisst! Rydd opp i dette, og sørg for at maten som blir seld over disk i Norge er trygg å eta for oss som forbrukarar!

Ivar Odnes
Fylkestingspolitiker
Oppland Senterparti