Meny
Bli medlem

RNB: 129 mill meir til vegføremål

Sist endret: 27.09.2020
- Regjeringa foreslår tilleggsløyvingar for i alt 129 millionar kroner til vegføremål over budsjettet til Statens vegvesen for 2013. Av dette er til saman 100 millionar kroner sett av til tiltak som betrar forholda for tyngre køyretøy og særleg vegtransport for skognæringa og treforedlingsindustrien, seier Arnstad.

 

90 millionar kroner skal nyttast til å utbetre flaskehalsar på riksvegnettet, og 10 millionar kroner er sett av til å berekne tåleevnen for tyngre transportar på fylkesvegnettet.

Innanfor den foreslåtte tilleggsløyvinga til vegføremål er det sett av 5 millionar kroner til prosjektet E6 Sørkjosfjellet i Troms. Til dette prosjektet er det dessutan lagt til grunn ytterlegare 15 millionar kroner, som er føresett dekt innanfor tidlegare vedtatt budsjett for 2013. Dei samla midlane - 20 millionar kroner – skal brukast til prosjektering og førebuande arbeid, med sikte på anleggsstart. Prosjektet vil fjerne ein flaskehals for tungtrafikken, særleg vinterstid.

24 millionar kroner av den foreslåtte tilleggsløyvinga ei rein budsjetteknisk justering og gjeld posten ”Vederlag til OPS-prosjekt”. Dei samla utgiftene for denne posten i 2013 blir dermed 435 millionar kroner. Dette beløpet gjeld årleg vederlag til tre riksvegprosjekt som er gjennomførte etter modellen ”Offentlig-privat samarbeid, OPS” og som blei opna for trafikk i perioden 2005-2009.

Fleire opplysningar:

Prop. 149 S (2012-2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013