Meny
Bli medlem

Rom for den reelle EØS-debatten

Sist endret: 27.09.2020
Me har no klargjort at EØS i år, akkurat som i 2005 og 2009, ikkje skal stå i vegen for ei fortsatt raudgrøn regjering. Dette er ikkje ei avlysing av debatten. Tvert om ryddar vi no rom for å kunne diskutere reell EØS- og EU-politikk i staden for ein skinndebatt om ei utmelding som uansett ikkje vil skje i komande periode, skriv Liv Signe Navarsete, Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum.

 

 Av Liv Signe Navarsete (leiar), Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum (nestleiarar), Senterpartiet

 Allereie hausten 2004 avklara Sp, Ap og SV ein utanrikspolitisk plattform for ei ny raudgrøn regjering: Ingen EU-søknad, inga utmelding av NATO og inga oppseiing av EØS-avtalen. Ingen parti, i eller utanfor regjering, har sidan den gongen endra sine grunnleggande syn på EØS-avtala

 Dei siste månadene har me kome i ein situasjon der det er vanskeleg å diskutere EU- og EØS-spørsmål. Når me no problematiserer direktiv, utviklinga i unionen eller Noregs interesser i møte med systemet, så handlar ikkje debatten lenger om desse temaene. Debatten handlar om kor vidt ei ny regjering skal ha same utanrikspolitiske plattform som me har i dag.

 Dette er ei avsporing, all den tid alle veit at det heller ikkje i neste stortingsperiode vil finnast noko grunnlag for vårt primærstandpunkt; å seie opp EØS eller erstatte EØS med betre samarbeidsavtalar.

 Frå vår plass i den raudgrøne regjeringa har me bidrege til ei varig endring av norsk EU- og EØS-debatt.

 Me har fått aksept for at vetoretten kan brukast, som i saka om postdirektivet - og i diskusjonen om datalagringsdirektivet, der dei aller mest ihuga EU-tilhengarane argumenterte for eit veto. 

 Me har gjort det stovereint å stå opp for norske interessar, som i saka om prosenttoll. 

 Me har vist at det er muleg å bruka handlingsrommet i EØS-avtala aktivt, og å utfordra og seira over unionen i viktige saker, som i kampen for heimfall og den differensierte arbeidsgivaravgifta.

 Vårt primærstandpunkt ligg fast som eit langsiktig mål. Vi vil arbeida for seia opp eller endra EØS. Fram til me sikrar ein politisk situasjon som gjer det muleg, vil me arbeida for maksimal utnytting av handlingsrommet i dagens avtale. Me meiner at me i regjering har utvida handlingsrommet. Det er me stolte av, og den linja vil me fortsetta.

 Me har no foretatt ei avklaring av det openberre: Når den raudgrøne regjeringa vinn valet i september, vil me ha den same utanrikspolitiske plattforma som regjeringa alltid har hatt.

 Den politiske situasjonen gjer at me ikkje vil kreva oppseiing eller reforhandling for å gå i regjering. Den avklaringa er ikkje ei avlysing av EØS-debatt. Tvert i mot er det ei opprydding, som skapar rom for nye debattar om korleis vi framover igjen skal utvida handlingsrommet, stå opp for norske interessar og ta nye fightar i møtet med unionen.