Meny
Bli medlem

Sal av Fjord1

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Fylkestinget vedtok å selje seg ned i F1 Holding AS som eig 59% av aksjane i Fjord 1. Alle partia røysta for framlegg som inneber at ein ønskjer å selje.

 Fleirtalet i fylkestinget vedtok å selje no. Mindretalet meinte at det skulle startast ein ny prosess med målsetting om sal i  2016. Sp si vurdering er at tilbodet frå Torghatten best sikrar fylket sine verdiar og interesser knytt til Fjord1.

Senterpartiet meiner at det er rett å selje seg ned i F1 holding no, og på sikt selje seg ut. Selskapet går godt og har gode utsikter i åra framover, det meiner vi også syner att i bodet på aksjane i F1 Holding som fylkestinget no har akseptert. Vi meiner likevel at risikoen for fylkeskommunen er for stor på lang sikt til at vi bør sitte som eigar, og at fylkeskommunen ikkje er den rette eigaren til Fjord1 i framtida. Nye krav til materiell for å møte miljø og utsleppskrav gjer at ein må rekne med at det trengs mykje kapital når nye anbod skal vinnast. Fylkeskommunen har ikkje økonomiske musklar til å hjelpe selskapet dersom det skulle bli naudsynt. Sogn og Fjordane fylkeskommune har også store utfordringar med eigen økonomi. Inntektene frå salet av aksjane F1 Holding vil vere med å redusere lånegjelda monaleg og på den måten gjere det mogeleg å vidareføre drifta med færre kutt.

Det har vore viktig for Senterpartiet å sikre fortsatt hovudkontor i Florø. Fjord1 har mange tilsette i Florø sjølv om dei fleste er stasjonert på ferjer og båtar som selskapet driv. Avtalen med Torghatten sikrar framleis hovudkontor i Florø. Det er råd å feste tillit til dette fordi Torghatten har ein desentralisert forretningsstruktur slik dei driv dei andre selskapa dei har i porteføljen sin.

Det er 18 månader sidan prosessen som no er ved vegs ende vart starta. Det er langt i frå eit hastverksarbeid  som fylkestingsvedtaket baserer seg på. Det har vore kritisert at fylkestinget ikkje fekk utsendt alle saksdokumenta før møtedagen. Grunngjevinga for dette er blant anna at saksdokumenta er av ein slik art at lekkasjar vil kunne få negative økonomiske konsekvensar for verksemder som har vore inne som bodgjevarar. Nokre til orde for at sakshandsaminga ikkje har vore forsvarleg, til det er det å seie at så lenge fylkestinget sjølv meiner at det var rett å gjere vedtak no så har fylkestinget fått den informasjonen og kunnskapen dei treng for å gjere vedtak.

Det er 158 år sidan det som var var Fylkesbaatane og no Fjord1 vart skipa. Vi forstår at avgjerda om å selje Fjord1 set følelsane i sving. Men frå å vere i ein monopolsituasjon opererer selskapet no i ein marknad som er fullt ut konkurranseutsett med aukande innslag av internasjonal konkurranse. Tidene forandrar seg og vi må forandre oss med dei. Vi er trygge på den avgjerda som er tatt er rett, og den som best tener innbyggarane i Sogn og Fjordane sine interesser i framtida.

 

Sigurd Reksnes

Gruppeleiar for fylkestinggruppa til Sp.