Meny
Bli medlem

? Samisk språk gir betre omsorg

Sist endret: 27.09.2020
? Samiskspråklege eldre må få betre og meir tilpassa pleie- og omsorgstenester enn i dag, seier Liv Signe Navarsete. Retten til å bruke eige språk og bli møtt av helsearbeidarar med kulturkunnskap må bli reell, meiner Sp-leiaren.

 

Samefolkets dag 6. februar synleggjer samisk språk og kultur, men gir også høve til å gjere opp status for det moderne samiske samfunnet i Noreg. Navarsete vil bruke 6. februar til å løfte fram situasjonen for eldre samar. Ei meir individuelt tilpassa eldreomsorg er ei av hovudlinene i arbeidet med nytt partiprogram for Senterpartiet.

– Retten til å bruke dei ulike samiske språka må bli reell for alle. Det er vanskeleg for oss alle å snakke om helse og sjukdom. Ekstra vanskeleg blir det når du ikkje får bruke ditt eige språk, framhevar Navarsete.

Ny forsking stadfestar at helse og sjukdom tradisjonelt blir snakka om på ein meir indirekte måte i samisk kultur. Sp-leiaren meiner samiske eldre må bli møtte av personell med språk- og kulturkunnskap. Ho peikar på at dette ikkje berre gjer sjukdom lettare å snakke om, men kan vere nødvendig for å sikre rett utgreiing, diagnostisering og behandling. Konsekvensane av misforståingar kan vere alvorlege i pleie- og omsorgstenesta.

– Dei eldre får rett og slett ei betre teneste med samiskspråkleg personell. Særleg viktig er det for demente å kunne bruke samisk, sidan fleire av desse kan miste det norske språket og gå tilbake til morsmålet, eller morsmålet får sterkare uttrykk, seier Navarsete.

Ho meiner ei meir individuelt tilpassa eldreomsorg inneber at det blir gjort meir enn i dag for dei samiske eldre i mange kommunar, både i heimetenesta og på sjukeheimar.

Samisk kultur må få større plass på sjukeheimar i samiske område, når det gjeld mat, musikk, kulturtilbod og sansehagar. Også byar som Oslo og Tromsø må sikre tilpassa tilbod til eldre samiske innbyggjarar, slår partileiaren fast.

Navarsete meiner haldningsskapande arbeid er avgjerande for at eldre og samiskspråklege tilsette skal bli møtt med respekt når de brukar sitt eige språk, og framhevar at Samefolkets dag er viktig for å styrkje respekten for samisk språk og kultur. I dag er det 20 år sidan Samanes nasjonaldag, eller Samefolkets dag, blei feira for første gong. Det er også tiande gongen at dagen er offisiell flaggdag.

– Eg vil gratulere alle med dagen! Dette er ein festdag som blir feira i heile Noreg, avsluttar Liv Signe Navarsete.