Meny

Samlar alle skuleelevar

Sist endret: 16 03 2017
I Skjåk går Sp ein annan veg enn i mange andre kommunar når det gjeld skulestruktur. Kommunestyret har gjort vedtak om å samle alle elevane på ein 1-10 skule i Bismo, i sentrum av Skjåk.

Dei siste ti åra har det vore to barneskular i SKjåk - ein i kvar ende av bygda, i tillegg til ein ungdomsskule i sentrum. No vil politikarane, med Senterpartiet i spissen, leggje ned barneskulane og byggje ein ny i nærleiken av Skjåk ungdomsskule. Der ligg sentralidrettsanlegget med friidrettsbane, idrettshall og svømmehall. Kulturskulen ligg vegg i vegg med ungdomsskulen og det er stutt veg til joggeløype på fem kilometer.  

- Dette er stikk motsett av kva mange andre kommunar gjer, eller har vilje til å gjere. I Skjåk meiner politikarane at det er viktigare at elevane har eit stort nok klassemiljø enn at grendeskulane skal oppretthaldast, seier Aud Hove (Sp).

-  I dag tek dei fleste ungane buss likevel, og avstandane er ikkje så store at det blir lenge på buss. I tillegg blir det faktisk færre som må ta buss ved å samle skulane i sentrum. Det er der dei fleste vil bu, og det gjer at ungane kan gå eller sykle til skulen, legg ho til.