Meny
Bli medlem

Senterpartiet jublar med fiskerinæringa i vest.

Sist endret: 27.09.2020
I går vart det kjend at minstemålet for sei blir uendra sør for Stad - til stor glede for fiskerinæringa. - Avklaringa gledar også oss i Senterpartiet som heile tida har meint at forslaget om å auke minstemålet for sei ville ramme fiskerinæringa skeivt, seier partileiar Liv Signe Navarsete i Sp.

- Dersom det ikkje vert lov å fiske seien medan den har den vesle storleiken, flyttar den seg lenger ut på havet, og vert aktuell for ei heilt anna fartøygruppe, seier partileiar Liv Signe Navarsete i Sp.

 

- Forslaget om å auke minstemål for sei ville ramma ein del av kystflåten som skapar mange arbeidsplassar i små lokalsamfunn; ei næring som også lagar aktivitet på foredlingssida. Om forslaget hadde vore gjennomført, ville mange av desse arbeidsplassane forsvunne, peikar Navarsete på.

 

- Eit forslag om auka minstemål ville såleis råke småfiskarane, til fordel for større trålarar. Det er ikkje rettferdig at denne gruppa skal ta alle dei negative konsekvensane av eit slikt forslag. Og det er ikkje god Senterpartipolitikk.

 

- Senterpartiet har heile tida vore klare på at vi ikkje kunne akseptere dette forslaget. Vi har stått på for å kjempe næringa si sak og for å få formidla dei negative konsekvensane som kystsamfunna frykta da høyringa vart kjend, uttalar næringspolitisk talskvinne, Irene Lange Nordahl.

 

Regjeringa har altså no bestemt at minstemålet på sei sør for Stad framleis skal vere 32 centimeter. Fiskeriministeren offentleggjorde dette under eit besøk i Kalvåg i dag.

 

Derimot vert det nokre endringar i nord. Mellom Stad og Lofotodden vert minstemålet endra til 40 cm i seinotfiske. Men i dei 3000 første tonna som vert teke kan minstemålet vere 35 cm. Og i det som vert teke utover dei 3000 tonna kan det framleis vere 30 prosent innblanda sei som er mellom 35 og 40 cm.

 

- Med denne ordninga burde det vere fullt mogleg å sikre råstofftilgangen til fiskeindustrien langs kysten. Men samstundes gjer ein tiltak for å sikre seibestanden, avslutter ein nøgd Navarsete.