Meny
Bli medlem

Senterpartiet mest fram av partia i mai

Sist endret: 27.09.2020
Senterpartiet går fram 0,6 prosent i mai viser ein samanstilling Poll of polls har gjort av 10 landsomfattande meiningsmålingar. Senterpartiet går dermed mest fram av alle partia. Senterpartiet har også verva rekordmange nye medlemar i år.

 

Framgong på meingsmålingar

Polls of polls samanstilling viser at Senterpartiet får 5,1 prosent i målingane for mai. Målingane er tatt opp ved at folk har svara på kva parti dei vil røysta på dersom det var stortingsval no. Mai og juni brukar elles vera av dei månadane Senterpartiet slit mest på meiningsmåingar, og partiet har i desse månadane ofte ein tilbakegong.

Senterpartiet har ikkje tilbakegong på nokon av byråas meiningsmålingar i mai, partiet står i ro på ei måling og går fram på dei ni andre målingane. Høgaste resultat med 5,7 prosent viser ei måling som Respons tok opp for Aftenposten og Bergens Tidende, det samme resultatet som Vårt Land presenterte. Det lavaste resultatet for Senterpartiet var på 4,6 prosent på ei måling presentert av NRK, men også her var det ein framgong på 0,7 prosent.

Heile samanstillinga Polls of polls har gjort over meiningsmålingane i mai 2014 finn du her:

 

Rekordauke i medlemer

Sidan nyttår og ut mai har heile 639 personar sagt ”Ja takk!” til spørsmål om å bli medlem i Senterpartiet, og dermed blitt verva som nye medlemar i partiet. Dette ein framgongong på 378 prosent i høve samme periode i 2013.

Av dei nyverva i år har heile 308 vorten verva som nye senterpartimedlemar i mai. Senterpartiets vervekampanje som starta 1. mai viser dermed gode resultat og fin vekst utover i kampanjeperioden. I første veka i mai vart det verva 51 nye medlemar, i andre veke i mai 65 nye og dei to siste vekene er det verva nesten hunde nye Senterpartimedlemar kvar veke.

 

Slik vervar du

Nye medlemar kan meldast inn via ”Bli medlem” under www.sp.no, eller ved å senda SMS til 26112, der du skriv «SPmedlem, navn, adresse, fødselsdato» . Innmeldingskontingent for nye medlemmer for 2014 er kun  kr. 300,- og det er framleis nokre ledige plassar!