Dei med lang livserfaring har tankar, erfaringar og meiningar som lokalsamfunna treng! Eldre i dag har god helse og deltaking i samfunnet gjer kvardagane meir meiningsfulle. Senterpartiet ynskjer at folk skal leve meiningsfulle og gode liv i eit samfunn der det er behov for alle.
Me ynskjer å modernisere eldrepolitikken og satse meir på førebygging, rehabilitering og sosial deltaking enn det me ser i dag. Senterpartiet ynskjer at staten styrkjer kommuneøkonomien slik at kommunane kan prioritere den kommunale omsorgen. Me ynskjer at alle dei som treng bistand i heimen, er sjuke eller nærmar seg avslutninga på livet skal få eit verdig og fullgodt omsorgstilbod, tilpassa individuelle behov, med større rom for familiebasert og frivillig omsorg. Senterpartiet trur ikkje at fleire omsorgsbyråkratar eller nye statlege normer gje ein betre eldreomsorg. Me vil jobbe for fleire omsorgsarbeiderar og for at kommunane kan gje lokalt forankra individuelle tilbod. Heimeomsorg og sjukeheimsplassar skal vere der når du treng det!
i