Meny
Bli medlem

Senterpartiet oppnemner evalueringsutval

Sist endret: 27.09.2020
Sentralstyret i Senterpartiet har oppnemnt eit breit evalueringsutval med ni medlemar for å vurdera partiets stortingsvalkamp. Bengt Fasteraune, sentralstyremedlem og ordførar i Dovre kommune, er oppnevnt som leiar i utvalet.

Evalueringsrapporten frå utvalet skal munna ut i forslag som rettar seg inn mot lokalvalet i 2015, stortingsvalet 2017 og i eit lengre perspektiv.

 

I evalueringsutvalet sitt mandat står det at utvalet skal gjennomgå og gje sine vurderingar av sentralleddet og fylkeslagas førebuingar til og gjennomføring av valgkampen 2013, både når det gjeld politikk, kommunikasjon og organisasjon. Mandatet slår vidare fast at arbeidet skal gjennomførast i dialog med Senterpartiets tillitsvalde, kandidatar og tilsette. Utvalet vil derfor involvera alle lokallag, alle fylkeslag og alle som har delteke i valkampen sentralt i sitt arbeid med evalueringa.

 

Utvalet skal presentera vurderingar som grunnlag for ein diskusjon i landsstyremøtet i Senterpartiet tirsdag 22. oktober. Den ferdige evalueringsrapporten skal foreligga seinest 25. november.

 

Samansetjinga av Sps evalueringsutval:     

Bengt Fasteraune, sentralstyret, Oppland, leiar

Bergsvein Brøske, valkampleiar, Møre og Romsdal

Kathrine Kleveland, stortingskandidat, Vestfold

Bjarne Undheim, fylkesleiar, Rogaland

Anja Hjelseth, tidl. politisk rådgjevar, Telemark

Bjørn Arild Gram, ordførar og stortingskandidat, Nord-Trøndelag

Erlend Grimstad, stortingskandidat, Akershus

Sandra Borch, Senterungdommen

Bjørg Bergheim, Senterkvinnene

Utvalets sekretær er Ragnar Kvåle, informasjonsrådgjevar i Sps hovedorganisasjon