Meny
Bli medlem

Senterpartiet prioriterar arbeidet med psykisk helse

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Senterpartiet vil prioritere opp psykisk helsearbeid for barn og unge, få ventetidene ned og gjennomføre ventelistegarantien for dei under 23 år. Dette er ei hovudsak for Senterungdomen. Lokalt treng me å jobbe meir med førebygging i barnehage og skole, og sikre ei tverrfagleg skulehelseteneste, som har fast koordinering med barne- og ungdomspsykiatrien, skriver Anne-Nora Oma Dahle, 2. kandidat Sp.

Så må me ivareta rettane til personar med psykiske lidingar betre.  Meir brukarmedverknad og meir kunnskap og kompetanse lokalt, noko som krev haldningsendringar. Kommunane har meir ansvar enn før. Dette krev fleire psykologar og anna personell med spesialutdanning til kommunehelsetenesta, og me vil setje konkrete krav til kompetanse. Me må få til betre samarbeid mellom det lokale tilbodet og spesialistane.  Dei raudgrønne har allereie gitt offentleg tilsette psykologar og psykiaterar tilvisingsrett til delar av spesialisthelsetenesta. Ambulerande team frå dei distriktspsykiatriske sentera vil vere eit verdifullt tilskot. Senterpartiet vil at alle skal ha tilgang til lågterskeltilbod. Dei raudgrønne vil halde fram satsinga på å byggje fleire bustader tilpassa menneske med psykiske lidingar og andre grupper med spesielle bubehov.