Meny
Bli medlem

Senterpartiet seier nei til Statoil sine kuttforslag i Florø

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet i Sogn og Fjordane kan ikkje akseptere at Statoil bygger ned i Florø. Utbygginga av oljebasen i Florø har vore viktig for Sogn og Fjordane.
Det har vore ein viktig strategi for fylket vårt å få vår rettmessige del av arbeidsplassar og aktivitetar knytt til petroleumsnæringa.
 
Statoil er operatør for 80% av lisensane på norsk sokkel. Statoil utvinn i dag ca. ein tredel av den norske oljeproduksjonen på sokkelen utanfor Sogn og Fjordane. Trass dette har fylket berre 1,3% av den landbaserte sysselsettinga innan petroleumsnæringa i landet.
 
Statoil sine nedbyggingsplanar i Florø kan redusere dei totale baseaktivitetane med rundt 250 millionar kroner, eller om lag 200 årsverk.
 
På debatt i Eikefjorden 17. august i år sa Jan Tore Sanner at det ikkje er nokon fare for nedbygging i Florø dersom Høgre kjem til makta. Senterpartiet forventa at Høgre føl opp denne vallovnaden.
 
Senterpartiet i Sogn og Fjordane ber Regjeringa stoppe Statoil sine planar om nedbygging!!