Meny

Senterpartiet sitt eldreløft- Meir førebygging og aktivitet, tryggleik for alle.

Senterpartiet ynskjer ei god og aktiv eldreomsorg der fleire skal ha høve til å velje å bu der eldre trivst best ? heime ? så lenge ein ønskjer. Derfor må me skifte fokus frå kva eldre ikkje klarar til kva for ressursar eldre har. Samfunnet må gi hjelp til sjølvhjelp. Det vil gi mange eldre ein betre alderdom og bidra til ein meir robust omsorgssektor for framtida.

 

Om nokre år vil talet på menneske over 67 år auke kraftig. Dette gjer at kommunane står overfor store utfordringar, både økonomisk og i arbeidskraft som trengst for å utføre arbeidet.

 Senterpartiet ynskjer ei god og aktiv eldreomsorg der fleire skal ha høve til å velje å bu der eldre trivst best – heime – så lenge ein ønskjer. Derfor må me skifte fokus frå kva eldre ikkje klarar til kva for ressursar eldre har. Samfunnet må gi hjelp til sjølvhjelp. Det vil gi mange eldre ein betre alderdom og bidra til ein meir robust omsorgssektor for framtida.

 For å få til dette, vil Hordaland Senterparti auke potten for tilpassingtilskotet til å byggje om bustader som er lagt tilrette for at eldre skal klare seg sjølv meir i heimen. Pårørandeomsorga må styrkjast gjennom auka omsorgsløn. Me ynskjer at kommunane får større midlar til å investere i gode avlastings- og rehabiliteringsplassar, med fokus på førebyggande tiltak. Satsing på dagtilbod, aktiv heimetrening og færrast mogleg tilsette den eldre må forhalda seg til gir tryggleik og kontinuitet. Dette er bra for både den eldre og samfunnet.

 Senterpartiets eldreløft skal gi rom for alle aspekta innanfor alderdomen slik at den eldste generasjonen har betre helse i fleire år og deltar meir i samfunnslivet. "Aldring er eit spørsmål om tid, ein dag vil vi også bli gamle!".