Meny
Bli medlem

Sentralisering løyser ikkje politiets utfordringar i Telemark

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Politianalysen som vart lagt fram tidlegare i sumar foreslo store endringar i korleis politiet skal organiseras. Senterpartiet er opne for endringar men ein massiv nedlegging av politidistrikt og lensmannskontor er ikkje svaret. Igjen er det sett ned ei ekspertgruppe som totalt ignorerar kor viktig nærpoliti og lokalkunnskap er i høve til førebygging og beredskap, anten det er ulykker eller ei større katastrofe. Dette vil ikkje gje betre politi men dårlegare!, skriv Olav Urbø, 5. kandidat

 Det finst det ikkje noko fagleg grunnlag for å hevde at sentralisering gjev betre politi, snarare tvert imot. Det paradoksale er at det fører til meir byråkrati. Byråkrati er dyrt og fjernar ressursar som kunne vore brukt til operativ teneste. Den absolutt beste løysinga er å samordne politidistrikta med fylkesgrensene. Dette vil vere effektivt i høve til kommunar, fylkeskommune, fylkesmann og sjukehusa. Innfør vaktordningar som passar til det område politi/lensmann operarar i.