Aftenposten oppsummerer to år med blå-blå med at regjeringa er i ferd med å sette eit historisk preg på Noreg. Strukturgrep vert tatt på brei front trygt plassert i skuggen av alle konfliktene der samarbeidspartane har eit stort markeringsbehov.
Dei blå-blå sitt politiske prosjektet med å snu Noreg skjer under radaren til folk flest. Regjeringa sitt fingeravtrykk lar seg ikkje tørke vekk med eit regjeringsskifte om to år. Reformane som skjer er ikkje lett å reversere. Det vil sette eit varig stempel på samfunnet.
Det er mykje av tenestene som kommunar og det offentlege leverer som ikkje "lønner" seg, men som lønner seg i eit samfunnsperspektiv. Det er politikk å definere kva samfunn me vil ha. Det er velgarane som vel kva samfunn me vil ha. Den enorme sentraliseringa som skjer under blå-blå regjering med støtte frå V og KRF tar SP sterk avstand frå!
Kvardagspolitikk for kvardagsfolk er å ha tenester nær folk. Sentralisering for sentraliseringa si skuld vil svekke det Telemark me kjenner i dag.