Meny

Sigrid B. Handegard: - Eit mat- og verdival

For Sp er det eit mål å produsera mest mogeleg av maten til eigne innbyggjarar. Tillit til maten, og matprodusenten, er svært viktig. Hestekjøtskandalen i vinter var ei påminning om viktigheita av sikker og kortreist mat.

 

Eit mat- og verdival

For Senterpartiet er det eit mål å produsera mest mogeleg av maten til eigne innbyggjarar. Tillit til maten, og matprodusenten, er grunnleggjande viktig. Den internasjonale hestekjøtskandalen i vinter var ei påminning om viktigheita av sikker og kortreist mat. Det er mindre freistande å lure nokon du møter på nærbutikken. Verken svindel eller uærlegheit gjer seg godt i lokalsamfunnet.
At Høgre, heia fram av FrP og Venstre , reiser til Brussel og lovar å reversere  endringane i  tollvernet dersom dei kjem i regjering gjer grunn til ettertanke. Det vil bety langt meir import og " fri flyt" av mat i butikkane våre. Argumentasjonen om internasjonal solidaritet ved auka import er i bestefall bygd på mangel på kunnskap. Norge har i dag null toll på varer frå dei minst utvikla landa. Ein løyser heller ikkje svoltproblematikken i deler av verda om Norge legg ned store deler av sin matproduksjon. Her på vår grøne grein, har me eit ansvar for å produsera mest mogeleg mat til eigne innbyggjarar.
 Hordalandslandbruket med sine forholdsvis små einingar er heilt avhengig av ein nasjonal landbrukspolitikk der eit eit sterkt tollvern, budsjettoverføringar og samvirkemodellen er grunnpilarane for auka matproduksjonen i fylket. Å produsere norsk kortreist mat til polsk lønsnivå er ikkje bærekraftig.
Senterpartiet vil utnytta landet sine ressursar til auka matproduksjon. Det betyr kortreistmat og auka matsikkerheit. For Høgre, Frp og Venstre er lojalitet til Brussel viktigare enn sikker mat til eigne innbyggjarar. Det er korttenkt.

Valget til hausten vert eit mat og verdival!


Sigrid Brattabø Handegard
Stortingskandidat Hordaland Sp