Meny
Bli medlem

Sigrid Brattabø Handegard på landsmøtet: Sp er garantisten for norsk, kortreist og trygg mat

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
- Valet 9. september vert eit matval

Gode årsmøte

For første gong kan min generasjon oppleva at valget i september vert eit matval. Ein tredjedel av oss seier i ei ny undersøkjing at mat og landbrukspolitikk vil vera viktig for dei i valget.
Nok ein gong er me i dette landet på den grøne grein.-Me har eit val. Sjølv om matjorda er ein begrensa ressurs, så er ho ikkje seld vekk til andre land eller spekulantar, slik dei opplever i andre deler av verda.
Me har ei økonomisk handlefriheit, både offentleg og privat ,som mange berre kan drøymer om.

Mat er eit primærbehov, ein knappheitsressurs i ei verd med stadig fleire å dela maten på.
Når me privat inviterar til gjestebod, ja då skal maten vera norsk, kortreist og me vil helst kjenna produksjonsmåten.
Tida er inne for at me på vår grøne grein, med økonomisk handlefriheit,inviterar eit større offentleg gjestebod for norsk mat og norske bønder. Eit gjestabod som sikrar mest mogeleg mat til eigne innbyggjarar og utnyttar ressursane i heile landet.

Hovedmenyen må innehalda to viktige val.

For det første; Matjord er ein begrensa ressurs, sjølv om nedbyggingstakten er halvert etter den raudgrøne regjeringa overtok.
Mindre matjord må byggjast ned, og meir jord må dyrkast opp.

For det andre; Den norske bonden må sikrest mogelegheiter for norske løns og arbeidsvilkår. Det er ikkje bærekraftig med pinnakjøt frå eit småskala Vestlandsbruk til eit polsk lønnsnivå. Naturen her set klare grenser for effektiv stordrift.I andre yrker ville dette vorte kalla sosialdumping.

Alle veit at Senterpartiet alltid kjempar for norsk mat og norsk landbruk.
Ingen andre hadde fått til auka tollvern og auka lønnsutvikling enn Senterpartiet i regjering. Gode landsmøte; Me må vidare!

Eg trur mange skjønar at det ikkje ville vore det same med Jan Tore Sanner, Erna Solberg eller Siv Jensen ved roret.
Ingen veit betre enn oss som har gått i dei bratte bakkane og hausta gras, at det må politisk vilje til for å sikra inntektsmogelegheiter og inversteringslyst, og sikra matjord for kommande generasjonar.

Valet til hausten vert eit matval.
Ikkje på noko område er konsekvensen av valget mellom ei raudgrøn regjering med eit sterkt Sp ,og ei blåblå regjering større.
Valget handlar om norsk matvareberedskap og tilgang til trygge og kortreiste råvarer produsert i heile landet. Eller på den andre sida eit intensivt jordbruk i deler av landet, fri flyt av mat over landegrensene, og ein svekka matberedskap styrd frå Brussel .

Ja, det er eit skjebneval, det handlar om det viktigaste: Mat!