Sigurd Reksnes (39) er i dag 1. nestleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane og mellom anna gruppeleiar for Senterpartiet på fylkestinget. Til dagleg er Reksnes bonde og med i samdrift heime på Eid.
Valnemnda gjer vidare framlegg om Kjetil Høgseth Felde frå Fjaler som ny 1. nestleiar og Karoline A. Bjerkeset frå Gloppen som ny 2. nestleiar.
På dei andre plassane i fylkesstyre i Sp har valnemnda slikt framlegg:
Fylkesstudieleiar – Marit Aakre Tennø (Luster)
Styremedlem – Johan J. Berge (Stryn)
Styremedlem – Kari Hilde Ulvik (Fjaler)
Styremedlem – Jan Herstad (Naustdal)
1. vara – Gunn Åmdal Mongstad (Solund)
2. vara – Gunn Karin Sande (Selje)
3. vara – Ole Johnny Stubbhaug (Førde)
4. vara – Audhild Rogdo (Aurland)
I Senterpartiets fylkesstyre sit også Nikolai Åshamar (Eid) for Senterungdomen, Jofrid Rye Hestenes (Stryn) for Senterkvinnene og Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete.
Valnemnda si tilråding er samrøystes.
For meir info:
Olav H. Turvoll (leiar i valnemnda) – 9795 2501
Sigurd Reksnes – 913 79 271