Meny
Bli medlem

Siste dans med Fylkesmannen

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
At fylkesmennene har fått ei mektig, styrande og nærast truande posisjon i gjennomføringa av ein «frivillig» kommunereform, den såg eg ikkje komme. Kommunenes siste dans med Fylkesmannen blir lite vakker, skriv Kjersti Toppe.

Av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Sp
 
1.juli var fristen dei fleste kommunar  har sett for å gjere lokale vedtak om framtidig kommunestruktur. Det har på nasjonalt plan ført til 29 frivillige vedtak om samanslåing, som vi gi om lag 40 færre kommunar i Norge, ein reduksjon frå 428 til om lag 390. I Hordaland, som elles i landet, har ei rekke kommunesamanslåingar stranda på grunn av nei- vedtak i små og mellomstore kommunar. Men no skal fylkesmennene på sjølvstendig grunnlag gjere sine faglege vurderingar og gi tilrådingar for departementet innan 1.oktober 2016, som grunnlag for vedtak i Stortinget.
 
I følgje regjeringas brev til Fylkesmennene datert 7. juni, skal fylkesmennene si tilråding baserast på dei lokale prosessane, sett opp mot måla for reforma og kriteria for god kommunestruktur. Siste dansen går altså til fylkesmannen.  Vår eigen fylkesmann, Lars Sponheim, varslar tøffe takter, og brå føring: "Småkommunar kan ende opp med å få seg ei solid overrasking", hevdar  Sponheim  til NRK Hordaland (30/6). Han vil teikne eit heilt anna kommunekart enn det vi har i dag. 
 
At Sponheim vil viska vekk fleire kommunegrenser enn dei som allereie ligg an til å forsvinne, er ikkje oppsiktsvekkjande. Han har trass alt vore partileiar i Venstre. No er han statens mann i Hordaland, og har som andre fylkesmenn fått i oppdrag av regjeringa å ha særskilte oppgåver i gjennomføringa av den frivillige kommunereforma. Det har i Hordaland resultert i deltaking på festmiddagar med kommunestyra etter at  dei «riktige» kommunestyrevedtaka var fatta. Det har resultert i deltaking ringsides i sjølve kommunestyremøta der kommunereformvedtak skulle avgjerast. At fylkesmennene har fått ei mektig, styrande og nærast truande posisjon i gjennomføringa av ein «frivillig» kommunereform, den såg eg ikkje komme. 
 
Dagens regjering skulle eigentleg vore den største kritikaren av å la embetsverket dirigere og styre over det lokale sjølvstyret og folkevalde organ på denne måten. I Høgre sitt program står det at Høgre vil fjerne fylkesmannens muligheit til å overprøve kommunane basert på skjønn. I FrP sitt program står det at fylkesmannsembetet si  rolle bør gjennomgåast med tanke på avvikling. FrP har også programfesta innbyggjarane sin rett til å styre gjennom folkerøystingar, som skal vere bindande. Helge Andre Njåstad (FrP) og Øyvind Halleraker (H) har begge gjort stort politisk poeng i Hordaland av sin motstand mot fylkesmannen som overprøver lokalpolitikarane i til dømes strandsoneforvaltninga. Men det er heilt greitt at fylkesmannen overprøver lokale vedtak om kommunens eigen framtid. Det står ikkje til truandes.
 
Stortinget har ikkje opna for stor bruk av tvang av kommunar, slik ein kan forstå utsegnene frå fylkesmann Sponheim. Frivillighetsvedtaket frå 1995, ligg fast: «Stortinget ber regjeringen legge til grunn at fremtidige endringer i kommunestrukturen ikke skal omfatte kommuner hvor kommunestyret, eller innbyggerne i en folkeavstemming har gått i mot kommunesammenslutningen». Fleirtalet i kommunalkomiteen har sagt dette om tvang og frivilligheit i kommuneproposisjonen 2015 (Prop. 95 S (2013-2014)): "Unntak fra frivillighetsprinsippet vil likevel kunne være aktuelt i helt spesielle situasjoner der enkeltkommuner ikke må kunne stanse endringer som er hensiktsmessige ut fra regionale hensyn".
 
Tvang skal  altså bare skje i "helt spesielle situasjoner". Men Sponheim vil endre kartet. Kommunenes siste dans med Fylkesmannen i Hordaland, blir lite vakker. Men det blir neppe  mange tvangsvedtak i Stortinget juni 2017, 3 månadar før stortingsvalet. Sponheim bør roe takten.