Meny
Bli medlem

Sjukehus er ikkje butikk

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Denne saka viser tydeleg for meg at sjukehusa burde vore politisk folkevalgt styrt, slik at det faktisk var politikarar som skulle ta denne beslutninga. Direktøren er tydeleg på at ein er det minste helseforetaket i Helse Sør-Øst. Det er ikkje spesielt rart når ein ser kva andre fylker som er ein ein del av foretaket. Har ein gjort noko samanlikning med foretak/fylker som er meir lik Telemark? Vi veit at mykje av dette handlar om økonomi, det er ganske store summar som må sparast. Det kan ikkje stikkast under ein stol at mykje av grunnen til at ein gjer dette er sparekrav, sa Beate Marie Dahl Eide etter Bess Frøyshov si orientering til fylkestinget i dag.


Vi har no ei ny rejgering som kanskje vil gjere endringar både i samhandlingsreformen og andre ting som angår spesialisthelsetenesta. Mykje som er uklart i forhold til kva kommunane kan ta ansvar for i åra som kjem. Virkar som ein er i ferd med å gjere beslutningar i ei tid der framtidige rammer som spesialisthelsetenesta og lokale helsetenester skal arbeide innanfor er uklare.

Ein kan ikkje forvente, og alt skal ikkje, vere som det var før. Kunnskap og teknologiutvikling skal og må ha noko å seie for korleis vi organiserar t,d, spesialisthelsetenesten, spesielt innan somatikk. Nokon endringar er det nok fornuftig å gjere.

Men avstandene i fylket vårt er stort sett dei samme som før, sjølvsagt er det størst pasientgrunnlag der det bur mest folk, men det er og folk som bur ellers i fylket og som treng rask og trygg hjelp når behovet er der. Det er bra at ein ser på måtar og drive effektivt på, men sjukehus er ikke butikk.

Eg er veldig opptatt av det som handlar om rus og psykiatri, forebygging.

rus og psyk er endå ikkje implementert som ein del av samhandlingsreformen. Det virkar spesielt at ein vil ta grep for å sentralisere psykiatrien i Telemark, utan at ein sikrar at kommunane i fellesskap har eit apparat for å ta over delar av dette. Eg er redd fagmiljøa i øvre Telemark vil smuldre opp, og eg er ikkje i tvil om at våre innbyggarar  i øvre del av fylket vil få eit dårlegare tilbud innan psykiatri.

Eg er spesielt bekymra for dpsen i Seljord. Det å ta vekk døgnposten på dpsen i Seljord vil svekke fagtilbudet på dpsen, og gjere det lettare å legge ned heile dpsen på sikt er eg redd. Mindre fagmiljø, Dårlegare utnytting av bygningsmassen.

Ein ser at det er ein diskusjon rundt døgn og dagbehadling, det er ei sterk vridning til dagbehadling og innan psykiatri. Det er ulike faglege meiningar rundt dette. mange har godt av å bli tatt ut av heimemiljøet for ein periode. Mange slit med psykiske lidingar heile livet, og treng hjelp i store periodar. Om ikkje sjukehuset Telemark skal ha eit slikt tilbud, då må kommunane bygge dette opp. men dei har ikkje dette per i dag. her kan ein då risikere å bygge ned noko for så å måtte bygge opp det samme i kommunane på sikt, kompetansen forsvinn i mellomtida.
- er dette tidspunktet å gjere endringar på, når rammene rundt er så uklare?

Så til helikopterbase, For der sa direktøren noko eg reagerar sterkt på: ein vil ha det til Skien for der har vi anestesipersonale heile tida! Med respekt å melde så må det vere basert på ein misforståelse når det gjeld korleis desse basene faktisk vert drive. Dei tilsette som arbeider på basen bur der i 14 dagar når dei er på vakt,dei  har døgvakt og skal vere klar til å rykke ut på fem minutt. Då er det ifhld til tilgang på kompetanse likegyldig om basen er i Skien, på Notodden eller i øvre Telemark. Når eg besøkte basen på Dombås var der ein frå Oppdal og ein frå Sverige (Karlstad) som var der på jobb. Det er tvert i mot ikkje likegyldig kor basen i Telemark kjem om ein skal dekke eit størst mogeleg område.