Meny
Bli medlem

Sjukehus-sviket

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det har vore nitrist å oppleva den uærlege debatten som politiske parti og føretaksstyre køyrte i saka om utviklingsplanen i Telemark Helseforetak. Tilsløringar og vikarierande argument har bana veg for ein omfattande sentralisering av beredskapen, skriv Kjersti Toppe.

 

Av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Senterpartiet og 1.nestleiar Helse- og omsorgskomiteen

 

Det er eit offentleg ansvar å gi alle eit likeverdig tilbod om helsetenester uavhengig av kor ein bur i landet og kva slags bakgrunn ein har.

Sjukehuspolitikk må forankrast i Stortinget for å skape openheit, debatt, aksept og demokratisk forankring av dei avgjerdene som blir gjorde. Alle politiske parti i Norge, utanom Arbeiderpartiet, gjekk til val på at utvikling av sjukehustilbodet må skje etter ein overordna plan, vedtatt av Stortinget.  

 

Høgre, som no sit med både statsminister og helseminister, var ekstra tydelege i valkampen. Noverande statsminister Erna Solberg sa følgjande til Bergens Tidende 2. september i fjor:

«Slik vi har en nasjonal transportplan for samferdsel, bør vi få en nasjonal helseplan for sykehusene. Den helseplanen vi skal lage vil definere oppgavene til hvert enkelt sykehus, også lokalt, ut fra et nasjonalt hensyn.» Noverande helseminister Bent Høie sa til Dagens Næringsliv den 16. august i fjor at det er Stortinget, ikkje dei regionale helseføretaka som bør bestemme når det skal byggjast nye sjukehus, og kor og kvifor.

 

Dette var før valet. No har Høie og Høgre snudd tvert om, og gjort det klart at den nasjoanle helse- og sjukehusplanen likevel ikkje skal definere oppgavene til kvart einskild sjukehus, slik dei lova i valkampen. Stortinget skal likevel ikkje få ta stilling til vesentlege endringar i sjukehustilbodet  -  slik som nedlegging av akutt - og fødetilbod -  slik Høgre gav inntrykk av før valet. Høgre har altså bløffa seg til makta i Helse- og omsorgsdepartementet.

 

Senterpartiet har fremma forslag om at vesentlege endringar i sjukehusstruktur og sjukehusoppgåver skal avgjerast av Stortinget i ein nasjonal helse- og sjukehusplan . Forslaget vart debattert av Stortinget den 17.juni. Debatten burde vore unødvendig. Det er eit paradoks at vi i år, i 200-årsjubileet for folkestyret i landet, i det heile har ein diskusjon i Stortinget om folkestyret òg skal gjelde for sjukehuspolitikken.

 

Stortingsdebatten 17.juni enda med at Sp-forslaget vart nedstemt av Høgre, FrP, Arbeiderpartiet og KRF.  Det vart hevda at forslaget var i strid med føretakslova og at Stortinget ikkje kan detaljstyre sjukehusa. Begger delar er feil.

 

For det fyrste er ikkje nedlegging av sjukehus ein detalj. Det er ei vesentleg endring med samfunnsmessige verknader - blant anna for den nasjonale beredskapen. For det andre var  det aldri Stortinget sin intensjon då føretakslova vart vedtatt i 2001, at vesentlege sjukehusavgjerder med samfunnsmessige verknader , skulle takast vekk frå Stortinget og vekk frå folkevald styring. Det er berre å lesa § 30 i føretakslova om avgrensing i føretaksstyra sin avgjerdskompetanse og Høgre, Arbeiderpartiet og Framstegspartiet sine merknader i innstillinga til føretakslova.

 

Sp-forslaget om å la Stortinget vedta vesentelge endringar i sjukehustilbodet, vart ekstra aktuelt fordi helseministeren nyleg godkjende Utviklingsplanen for Telemark Helseforetak . Det betyr at Rjukan og Kragerø sjukehus blir lagde ned fordi helseføretaket må spara 200 mill. kr. Økonomi blir rett nok ikkje lenger brukt som argument. No er argumentasjonen tilpassa ordlyden i regjeringsplattforma om at ingen lokalsjukehus skal bli lagde ned som ikkje kan grunngjevast ut frå kvalitet og pasientsikkerheit.

 

Det har vore nitrist å oppleva den uærlege debatten som politiske parti og føretaksstyre køyrte i saka om utviklingsplanen i Telemark Helseforetak. Tilsløringar og vikarierande argument  har bana veg for ein omfattande sentralisering av beredskapen. Kvalitetsargumentet har vore misbrukt av både helseføretaka og helseministeren. Ingen hevdar at det ikkje er god kvalitet ved lokalsjukehusa i Telemark i dag. Men Helse Sør-Øst og helseministeren krev at sjukehusa må verta robuste, altså større, for å klara å tilpassa seg nye kvalitetskrav i framtida.

 

Dei nye kvalitetskrava som minister og føretaka viser til, er utarbeidde av administrasjonen i Helse Sør-Øst. Altså er dei ikkje behandla av styret eingong. Likevel framstår dei som heilt sentrale for avviklinga av to sjukehus i Telemark. Kvalitetskrava set krav om at to ortopedar alltid skal arbeida i lag. I akuttmottak skal det ikkje vera turnuskandidat, men ein lege i spesialsering i tilstadesvakt 24/7. Eg har sagt til helseministeren: Vis meg det sjukehuset i Noreg som klarar å oppfylla desse såkalla kvalitetskrava. Dette er ikkje kvalitetskrav, men sentraliseringskrav, som vil forverra kvaliteten i sjukehustilbodet i Noreg.

 

Undersøkingar viser at to av tre sjukehuspasientar treng behandling på lokalsjukehusnivå. God kvalitet i lokalsjukehusa er derfor heilt avgjerande. Men urealistiske krav til måten å sikra kvaliteten på vil føra til nedlegging av lokalsjukehus som er mange gonger større enn Rjukan. Er det dette helseministeren planlegg i sin helse- og sjukehusplan? Nokon må snart innsjå kva for eit lureri dette er, og at argumentasjonen er tilpassa politikken, og ikkje faget. Det er føretaksorganiseringa som gjer dette mogleg.

 

Når Høgre og Framstegspartiet i Stortinget den 17.juni stemte imot det dei gjekk til val på, er det løftebrot. Løftebrot er smertefulle, og dei gror seint, fordi tilliten og truverdet blir svekka. Men også Kristeleg Folkeparti svikta i Stortinget 17.juni, då dei snudde ryggen til både sjukehusdemokratiet og befolkninga i øvre Telemark og stemte mot Sp sine forslag i saka.  Arbeidarpartiet gav som vanleg inntrykk av at dei er for lokalsjukehus, før også dei gav sin fulle oppslutning til regjeringa sin sentraliserande sjukehuspolitikk og godkjennte nedlegging av sjukehusa i Rjukan og Kragerø.  

 

Det var eit feilt vedtak, som svekkar beredskapen i Telemark. KrF, Ap, H og FrP må forsvare dette sjukehus- sviket for framtida. Kva sentraliseringspartia lar oss ha i vente  i nasjonal helse- og sjukehusplan, kan ein berre frykte.