Meny
Bli medlem

Slå ring om velferdsstaten

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet i Hordaland og Sogn og Fjordane reagerer sterkt på at regjeringa går inn for å svekke velferdsordningar til dei svakaste gruppene i samfunnet.

Dette er ein omvendt Robin Hood politikk der ein tek frå dei som har minst og gjev skattelette til dei som har mest frå før.

At vi alle har eit sikkerheitsnett dersom vi skulle bli sjuke eller arbeidsuføre er eit fundament for velferdsstaten. Senterpartiet ønskjer eit samfunn som tek vare på dei av oss som av ulike grunnar ikkje kan delta i arbeidslivet.  Lettelsar i formueskatten finasiert med trygdekutt viser regjeringa sitt sanne ansikt. Dei tenkjer meir på dei som sit øverst ved bordet enn dei som sit nederst.

Dei politiske sigrane for dei blå blå handlar så langt om svekking av tryggleiken til dei svakaste i samfunnet.

 

Pressemelding frå Senterpartiet i Hordaland og Senterpartiet i Sogn og Fjordane.