Meny

- Slik burde alle elevar ha det

Tysdag fekk stortingsrepresentant frå Oppland, Anne Tingelstad Wøien (Sp), ete lunsj saman med Kasper Kvehaugen og dei andre elevane på Skrautvål Montessoriskule. Ho vil at alle elvar skal få eit skulemåltid kvar dag.

- Eg meiner skulemat bør vere den neste store førebyggjande helsereforma vår, seier Anne Tingelstad Wøien, som er skulepolitisk talskvinne i Senterpartiet. 

På Skrautvål Montessoriskule i Nord-Aurdal får elevane eit felles skulemåltid kvar dag. Tre dagar i veka varm mat, to dagar brødmat. 

- Mange ungar har ikkje med seg matpakke på skolen, eller dei vel å ikkje ete den. Svoltne elevar, lærer ikkje like mykje. Mat på skulen gir auka trivsel, auka konsentrasjon og meir nøgde elevar, lærarar og foreldre, seier Tingelstad Wøien. 

Helseskilnader

Ho får støtte av stadfortredande rektor ved skulen, Cathrine Myreng. 

- Det er stor skilnad på kva ungar et til frukost, og kva dei har i matboksen. Når vi gjer det på denne måten sikrar vi at alle får eit sunt og godt måltid, samstundes som ungane lærer å lage mat og får eit reiskap til å ta hand om eiga helse, seier ho.   

275 kroner i månaden betaler foreldra for at elevane på Skrautvål Montessoriskule skal få eit skulemåltid kvar dag. Tingelstad Wøien meiner det bør vere staten som betaler, men ikkje over skulebudsjettet, men helsebudsjettet. 

- I Noreg i dag er det store sosiale helseskilnader. Ei årsak til dette er at vi har store sosiale skilnader i kosthaldet, seier ho. 

Førebygging

-  Den enklaste måten å få til raske og varige endringar i kosthaldet, vil være å innføre et sunt skulemåltid til alle elevar i grunnskulen. Mat er helse, og god helse er viktig for et langt og godt liv. Vi må førebyggje, og vi må starte med dei unge. I valet mellom førebygging og reparering, vel vi førebygging, seier ho. 

Tingelstad Wøien og Senterpartiet meiner gratisordninga med frukt og grønt fyrst bør utvidast til å gjelde for heile grunnskulen og den vidaregåande skulen. 

- Så må vi utvide med skulemat, til dømes med gode tilskotsordningar som ein start for å byggje opp om lokale initiativ, seier ho.