Meny
Bli medlem

Små og mellomstore bruk er avgjerande for norsk landbruksproduksjon

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet har som landbrukspolitisk mål å auka matproduksjonen, auka lønsemd for bonden og framleis ha eit aktivt landbruk i heile Noreg.

Eit landbruk over heile landet er avgjerande for å oppretthalde eigen matproduksjon og sikre eiga matforsyning, halde på eit levande kulturlandskap og berekraftige bygdesamfunn. Norsk landbruk har heile tida utvikla seg, effektivisert og rasjonalisert produksjonen. Landbruket er viktig for verdiskaping og matproduksjon i Sogn og Fjordane.

Vi ser no at mange mindre bruk her i fylket har store behov for oppgradering og investering i bygg og teknologi. Senterpartiet i Sogn og Fjordane er uroa for at store delar av grunnlaget for matproduksjonen i fylket fell vekk, og at vi ikkje greier å halde på produksjonsmengda og auke den i tråd med framtidige behov. Senterpartiet meiner at investeringsstøtta må opp på eit nivå som kan forsvare den investeringa som trengst for ein framtidsretta produksjon.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner:

· I Sogn og Fjordane er det naturgitt mange småbruk som er viktige å oppretthalde. Dette for å sikre kulturlandskapet samt vidare verdiskaping basert på grovfôr– og utmarksbasert produksjon.

· Taket på investeringstilskot må aukast frå 1 mill. kr til 2 mill. kr. Vidare må det bli eit auka regionalt ansvar å forvalte desse midlane, slik at regionale styresmakter kan fordele midlane i tråd med regionale behov.

· Lausdriftskravet på fjøs med mindre enn 25 kyr må utsetjast.

· Prisen til bonden på mjølk og kjøtt må aukast, og ein må halde på noverande tollregime.

· Det må bli like reglar for leige av mjølkekvote for enkeltbruk og samdrift.

· Det må framleis leggast til rette for distriktsverkemiddel og ordningar som jamnar ut forskjellane for matproduksjon mellom sentrale strøk og distrikta, som frakttilskot, prisutjamning på mjølk og marknadsordninga for mjølk og kjøtt.

· Priskontroll på landbrukseigedomar er eit særs viktig verkemiddel for å ha ein landbruksproduksjon i heile landet, for alle som framleis skal ha arbeid og inntekt i landbruket, og for alle som skal inn i næringa i framtida.

Uttale frå fylkesårsmøtet 1. mars, Balestrand