Meny
Bli medlem

Småskulejakta er igang!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Nissedal kommune brukar fleire pengar enn me tener. Spørsmål me stiller oss er: Kva er lovpålagte tenester og kva er ikkje lovpålagte? Senterpartiet vil ikkje gå med på å legge ned skulane. Det vil få store, dramatiske konsekvensar for ein kommune i vekst.

 Nissedal kommune har store utfordringar med å legge budsjett for neste år. Kommunestyret fekk torsdag 26.september informasjon om ei underdekning på 5,7 millionar. Det er alvorleg. Det vil bli store endringar. Og det er før me kjenner til kva føringar me får i statsbudsjettet.

 For eit år sidan vedtok eit fleirtal i kommunestyret at skulestruktur ikkje skulle opp som sak i denne kommunestyreperioden. Det er beklageleg at vedtaket ikkje vert respektert. Forslaget frå administrasjonen til politikarane i Nissedal er å samle alle skulane til ein skule.

Når Rådmannen ignorerer vedtaket frå desember og legg skulestruktur fram som sak forventer Nissedal Senterparti at heile kommunen er arena for endring for å få budsjettet i balanse. Heile organisasjonen må vurderast. Skule og eigendomsskatt er ikkje nok. Senterpartiet har i mange år avvist Rådmannen sitt forslag om å innføre eigendomsskatt. Me har sett på det som eit krisetiltak og ein sparegris for dårlege tider. Det er det i år. Nissedal Senterparti vil løfte debatten om eigendomsskatt. Me tar inn over oss alvoret, men forventar at det vert sett på sparing i alle einingane, omorganisering og på ei utviding av det interkommunale samarbeidet med Kviteseid.

Nissedal kommune brukar fleire pengar enn me tener. Spørsmål me stiller oss er: Kva er lovpålagte tenester og kva er ikkje lovpålagte? Senterpartiet vil ikkje gå med på å legge ned skulane. Det vil få store, dramatiske konsekvensar for ein kommune i vekst.

 Nissedal Senterparti

Kjetil Hølje Fjalestad

Marianne Bråten Odden

Stein Skåli

Kari-Anne Nordbø

Anne-Nora Oma Dahle