Meny
Bli medlem

Sogn og Fjordane har ei framtid

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Fylkestingspolitikarane skal i desember stemme over framtida til Sogn og Fjordane i samband med den framforhandla intensjonsavtala mellom fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Etter at avtala vart lagt fram, har det vore lite debatt kring kva dette vil bety for fylket vårt og for alle oss som bur her.

Ingen har gjeve konkrete svar om kva som er fordelane for innbyggarane i Sogn og Fjordane om vi går inn i ein stor region eller kvifor dette skal gjerast. Førebels er vinstane at vi skal framleis skal ha nokre offentlege arbeidsplassar, men færre enn i dag. Vi skal verte fleire, men vi vert ikkje fleire i Sogn og i Fjordane fordi om vi flyttar grenseskiltet for fylket. Vi skal få færre folkevalde inn i den nye regionen enn i dag. I staden for 31 representantar som snakkar Sogn og Fjordane si sak, skal vi få sju. I staden for eigen fylkesordførar som snakkar vår sak i departement og direktorat, skal vi dele regionordførar med ein million andre sør for oss.  

Det betyr noko at fylkestingsrepresentantane har lokalkunnskap og kjenner fylket dei er sett til å styre. Det betyr noko for Dale vidaregåande skule og kommunane rundt at både administrasjon og folkevalde kjenner til geografien som gjer det naudsynt å ha ein skule her. Det betyr noko for elevane som har rett på skuleskyss i grunnskulen, at dei folkevalde kjenner geografien og ser utfordringane med å ha førsteklassingar på buss i ein time ein veg, uavhengig av partifarge. Dette misser vi når folkevalde i ein ny stor region skal ta stilling til om kva prioriteringar som skal gjerast.

Omsynet til fire elevar på kysten i Sogn og Fjordane vil betyr mindre når det er 50 elevar ein annan stad som treng tenesta meir. Vi misser påverkingskraft og vi misser den lokale kunnskapen som er viktig for å få til utvikling og gode levekår for alle uansett kor dei bur i fylket. For Senterpartiet er det viktig med nærleik til tenestene. Rett og slett fordi vi meiner det er ein verdi at det er kort avstand mellom dei som skal bruke tenestene og dei som skal ta avgjerder om tenestene og at det vert betre avgjerder og prioriteringar av dette.

Senterpartiet har fremja framlegg i Stortinget om ei lang rekke oppgåver vi meiner fylka over heile landet er i full stand til å ta på seg i dag, men har ikkje fått støtte for dette frå noko fleirtal. Kvifor er det så lita vilje til å desentralisere reell makt og mynde? Kvifor er ingen oppgåver lagt på bordet allereie? Kva er det med fylka konkret i dag som gjer at meiner ein ikkje maktar oppgåvene? Har vi ikkje gode nok hovud her i fylket? Vi meiner at den eigentlege motivasjonen til regjeringa er å sentralisere utan å tilføre fylka noko nytt. Ei slik utvikling er vi i Senterpartiet i mot.

Det fremste argumentet er at ein ny stor vestlandsregion vil ha slagkraft. Slagkrafta skapar vi sjølve med våre eigne folk som står opp for fylket vårt og som trur på oss som bur her, og eit stortingsfleirtal som er opptekne av det som skjer utanfor dei store sentra. Det er slik vi får midlar til å sprenge tunnelar i fjellet, gode flytilbod, breiare vegar som får ut fisken vår og breiband med kapasitet slik at driftige folk kan skape ny næringsverksemd. Senterpartiet godtek ikkje premissen om at fylket vårt ikkje er liv laga. Vi rår over store naturressursar som resten av landet treng. Vi har synt det gong etter gong at vi greier å få til å ting her sjølv med store avstandar, fordi vi har vilje til det.

Sogn og Fjordane Senterparti

Sigurd Reksnes, fylkesleiar
Kjetil Felde, 1. nestleiar
Karoline Bjerkeset, 2. nesteleiar