Meny
Bli medlem

Sommarhelsing frå fylkesleiar Olav Urbø

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Kjære Senterparti vener. 9 månader har gått sidan Telemark Senterparti gjorde eit særs godt val i Telemark. Det er lagt ned ein stor innsats av mange desse månadene. Det gjeld tillitsvalde og folkevalde i kommunar og fylke. Vi er relevante og set dagsorden i Telemark. Kommunereforma tii Sanner har naturleg vore saka desse 9 månadene. For Senterpartiet har det vore eit ufravikleg krav om friviljugheit og folkeavrøysting. Det har Senterpartiet i Telemark stått samla bak. For Telemark vert det 1 samanslåing, Bø og Sauherad. Stortingsvedtaket gjev ingen grunnlag for å bruke tvang i Telemark. På fylkesnivå har den store saka vore bygging av Ny Skien vidaregåande. SP har vore uroa over kostnadane og konsekvensar for andre skuletilbod i fylket. For SP har det difor vore avgjerande å byggje ein god skule innafor dei rammer som vart vedteke. Det er nå vedteke å bygge ein noko redusert løysing i samarbeid med Skanska innafor dei rammer som er vedteke. Utifrå ei totalvurdering så vurderte Fylkestingsgruppa at føresetnadane var betre for å halde ramma på ei redusert løysing i høve til nytt anbod på full løysing. Senterpartiet trengst i ei tid der viktige verdiar er under sterkt press frå ei Blå-Blå regjering. Aldri har det vore så mange alvorlege saker på dagsorden. Svaret på dette veit vi alle. Det er regjeringsskifte i september 2017. Saman skal vi greie det. «Telemarkslaget» har knapt vore sterkare og vi skal gje vårt bidrag. Den «lange marsjen» byrjar hausten 2016. Då er det og viktig og lade batteria og for dei aller fleste er anten ferien i gang eller rett om hjørnet. Så på vegne av Fylkestyret, ei rektig god ferie til dykk alle. Med venleg helsing Olav Urbø Fylkesleiar