Meny
Bli medlem

Sør- og Vestlandet treng ein tiltakspakke med innhald

Sist endret: 27.09.2020
Regjeringa sin tiltakspakke har vist seg å vera ein bløff. Den er i liten eller ingen grad retta inn mot Sør- og Vestlandet. Siv Jensen har plukka ei rekke ordinære budsjettposter og gitt dei namnet «tiltakspakke på 4 milliardar», skriv Geir Pollestad.
 
 
 
- av Geir Pollestad, leiar i stortingets næringskomite
 

Regjeringa sin tiltakspakke har vist seg å vera ein bløff. Den er i liten eller ingen grad retta inn mot Sør- og Vestlandet. Siv Jensen har plukka ei rekke ordinære budsjettposter og gitt dei namnet «tiltakspakke på 4 milliardar».
 
Ein skulle til dømes tru at løyvingane knytt til flaum- og skredsikring i ein tiltakspakke retta mot Sør- og Vestlandet skulle øyremerkast denne delen av landet. I eit brev frå Olje- og energiministeren til Stortinget kjem det fram at det ikkje er gitt noko slike føringar for tiltakspengane. Regjeringa seier dei har ein målretta innsats, men dei har i praksis ingen målretta innsats.
 
Regjeringa sit passive og ser på at det vert fleire arbeidsledige. Dei manglar vilje eller evne til å sette inn konkrete tiltak for å skape meir aktivitet og arbeid.
 
Senterpartiet vil bruke politikken til å skape meir aktivitet gjennom målretta tiltak. Slik me gjorde i 2009 då me i regjering la fram ein konkret og målretta tiltakspakke på 20 milliardar kroner mot finanskrisa. Ein pakke som virka, fordi det var innhald i den. FrP og Høgre er mest opptekne av innpakningspapiret og sløyfa på sin tiltakspakke.