Meny
Bli medlem

Sp ber Regjeringa styrke beredskapen mot naturkatastrofar i heile landet

Sist endret: 27.09.2020
Dei store naturkatastrofane det siste året, som brannane i Lærdal og Flatanger, flaumen i Aurland, Odda, Voss har vist oss at lokal kriseleiing har vore avgjerande for å ivareta liv og helse når naturkatastrofar rammar, seier Sps landsstyre i ein uttale.

Uttale vedtatt av Senterpartiets landsstyremøte 17. november 2014:

Senterpartiet ber Regjeringa styrke beredskapen mot naturkatastrofar i heile landet

Dei store naturkatastrofane det siste året, som brannane i Lærdal og Flatanger, flaumen i Aurland,  Odda, Voss har vist oss at lokal kriseleiing har vore avgjerande for å ivareta liv og helse når naturkatastrofar rammar.

Ei øvd kommuneleiing med god lokalkunnskap har vore avgjerande for at desse naturkatastrofane ikkje har ført til tap av menneskeliv.

Senterpartiet krev at regjeringa set av midlar i fond slik at berørte kommunar og etatar raskt og ubyråkratisk kan byggja oppatt lokalsamfunnet, når naturkatastrofar råkar. I vårt alternative budsjett for 2015 har Senterpartiet sett av 100 mill. kroner til etablering av eit slikt fond som kommunar og fylke kan søke krisemidler frå ved naturkatastrofar. Senterpartiet vil understreka at nasjonale myndigheter må auka innsatsen i ras- og flaumsikringsarbeidet. Senterpartiet har styrkt NVEs arbeid i partiet sitt alternative statsbudsjett og landsstyret oppmodar Stortinget til å stø dette forslaget.