Meny
Bli medlem

Sp krev «hærmilliard» og fullfinansiering av Heimevernet

Sist endret: 27.09.2020
Denne veka la Sp frem sitt alternative budsjett for 2017. Der foreslår dei å auke Hæren sitt budsjett med ein mrd. kroner og Heimevernet sitt budsjett med 300 mill. kroner.

 

 

- Høgre og Frp har i sin langtidsplan starta ei dramatisk nedbygging av Forsvaret, og då spesielt Hæren og Heimevernet. Heilt naudsynte kapasitetar for ein fungerande hær, som artilleri og stridsvogner, er sette på vent. Senterpartiet  ber om ein milliard i auka overføringar til Hæren, slik at Forsvaret kan gå i gang med investeringane som trengs for å sikre vår felles tryggleik, seier Senterpartiet si forsvarspolitiske talskvinne, Liv Signe Navarsete.

Navarsete er sterkt kritisk til tanken ho meiner har fått fotfeste i regjeringa, om at Noreg ikkje skal eller treng å finansiere eit nasjonalt forsvar.

- Høgre og Frp har gitt etter for verkelegheitsforståinga til blant anna Sverre Diesen, som meiner Noreg ikkje har råd til eit nasjonalt forsvar. Senterpartiet meiner dette er ei mistyding som kan gje dramatiske konsekvensar. Nedbygginga av forsvaret er ei svekking av den funksjonelle staten og strukturen heile  økonomien og fellesskapen vår byggjer på. Noregs eksistens er avhengig av at vi har truverde til å forsvare og handheve suverenitet over det norske territoriet, fastslår Navarsete.

Navarsete viser til at finansiering av Forsvaret handlar om prioriteringar.

- Medan regjeringa foreslår å gje 6,5 milliardar kroner i skattelette, byggjer dei i sitt forslag til Langtidsplan ned Heimevernet med 7000 mannskap, legg ned HV11 og Sjøheimvernet, legg ned Andøya flybase og sel unna svært viktige kapasitetar for Kystforsvaret, seier Navarsete.

Senterpartiet foreslår også eit historisk løft for Heimevernet, som partiet meiner er underfinansiert i dag.

- Regjeringa har nedprioritert Heimevernet. Store deler av Noreg står difor med alt for svak beredskap i dag. Difor aukar Senterpartiet løyvingane til Heimevernet med 300 millionar kroner. Dette finansierer våpen og skikkeleg væpning av alle HV-soldatane, samt meir enn ei dobling i treninga av alle HV-soldatane, avsluttar Navarsete.