Meny
Bli medlem

Sp-landsmøtet: Kjersti Toppe: Sjukehusa må vere lokalt styrte!

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
- Pasienten må stå i sentrum, og styringa av sjukehusa må vere lokal. Finansieringa må favorisere dei sjukaste pasientane, ikkje dei lønsame.

 Heile innlegge Kjersti heldt på landsmøtet:

Landsmøte!


Ei ny undersøking viser at helse- og verdispørsmål er dei viktigaste sakene for norske veljarar .  Faktisk viktigare enn både samferdsel, skattar, avgifter og skule. Senterpartiet  må derfor vere uredde og vise at vi er til å stole på i  verdisaker.  Vi skal vere det partiet som står i motvind og ikkje bøyer av for flommen av etisk problematiske, liberale forslag på bioteknologifeltet. Vi skal vere det partiet som kjemper mest for ein moderne helsepolitikk som  gir oss meir førebygging og færre pasientar . Då trengs blant anna ei storstilt helsesatsing i skulen , med 1 times fysisk aktivitet og gradvis innføring av skulemåltidet. Senterpartiet er partiet som vil ha ein  ny sjukehuspolitikk  som set pasienten i sentrum, med desentraliserte tenester og folkevald styring.
Sjukehusstyring er eit verdispørsmål. Norge har helsetenester i verdsklasse, men lar den vere styrt av New Public Management. Marknadsmekanismar og byråkratiske kontroll – ograpporteringssystem gjer dyrare drift, frustrerte helsearbeidarar  og dårlegare tenester . Den nyoppretta ” Helsetjenesteaksjonen” kjem med klare krav til oss fra fyrstelinjetenesta: Dei vil stadlig leiing og avvikling av den regionale styringsmodellen .  Dei vil fjerne byråkratiet og legge om dagens finansieringmodell. For som dei skriv: ”når fag vert fortrengt av økonomi, blir helsetenesta brutal og umenneskelig. ”. Det handlar altså om styring og leiing.
Landsmøte!  Sjukehussektoren har demokratisk underskot og mangel på lokal leiing. Stortinget må ta makta tilbake i sjukehuspolitikken. Stortinget må vedta ein Nasjonal sjukehusplan som kvart fjerde år vert rullert  etter høyringsrundar, etter modell av Nasjonaltranportplan. Kvart sjukehus må ha stadleg leiing.
Sjukehusstyra i sin noverande form må avskaffast. Dei politisk valde styremedlemmane må vere aktive politikarar, som velgast av og blant fylkestinget sine medlemmar . Dei regionale helseføretaka må aviklast og makta desentraliserast.Desse har ikkje vore noko reelt regionalt, distriktspolitisk korrektiv til sentralmakta, men eit udemokratisk  og byråkratisk organ som har gjort omfattande endringar av politisk natur, avgjerder som har stor verdimessig betyding. 
Vi må gå over til full rammefinansiering av spesialisthelsetenesta. Innsatsstyrt finansiering skapar byråkrati og er eit system som favoriserer dei lønnsame pasientar, ikkje dei sjukaste.
Landsmøte: Dette er nødvendig politikk for å   kunne gjenreise helsevesenet sitt tradisjonelle verdigrunnlag og gi tryggheit for gode helsetenester for pasientar  i heile landet.