Meny
Bli medlem

Sp vil sikre breiband til alle

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Breiband er heilt avgjerande for folk, næringsliv og verdiskaping i heile landet. Mange stader er breibanddekninga og kapasiteten i Sogn og Fjordane ikkje god nok. Senterpartiet vil arbeide for 100% breibanddekning med høg hastighet.

Eg har besøkt mange bedrifter i fylket som peikar på breiband som ei stor utfordring. Det er noko som er heilt nødvendig. Det er ikkje mogeleg å drive næringsverksemd i dag eller etablere seg utan god nettilgang. Det offentlige må spele ei avgjerande rolle for å få 100% breibanddekning i distrikta. På linje med telefon, straum og veg, må internett reknast som ein del av den grunnleggande infrastrukturen i landet.

I dag er det slik at kommersielle aktørar byggjer ut breiband der det er lønsamt. Men det gjeld langt i frå heile landet, og spesielt ikkje i Sogn og Fjordane med spreidd busetting. Sjølv bykommunar har kvite flekkar der nettet er svært dårleg. Markedet kan ikkje å løyse dette åleine. Difor må det offentlege stille opp.

Senterpartiet vil arbeide for breiband med høg hastighet til alle. Senterpartiet har i regjering vore med å kjempa fram pålegg om 98% dekning av mobilt breiband. Dette er mogeleg fordi frekvensar som tidligare vart nytta til TV-signal, er frigitt til breibandtenester. I tillegg vert det sett av 150 millionar kroner årleg for å sikre alle husstandar eit godt tilbod.

IT-forum og breibandforum her i fylket har gjort ein stor innsats og har bidrege til at vi er kome eit godt stykke på veg. No må vi i Sogn og Fjordane stå på for å få vår del av kaka, noko både innbyggarane og næringslivet treng.

 

Jenny Følling

2. kandidat for Sogn og Fjordane Senterparti