Meny

Sp vil styrkje det offentlege helsevesenet

Kjersti Toppe kommenterer i Hardanger Folkeblad verknadene ho meiner ei privatisering av norsk sjukehusvesen vil ha for Odda sjukehus

Sp vil styrkje det offentlige helsevesen

 Stortingskandidatane Terje Breivik(V) og Sigurd Hille (H) prøvar på kvar sin måte å forklare korleis ei storstilt privatisering av norsk sjukehusvesen med ny regjering ikkje vil gå ut over Odda sjukehus.   Høgre og FrP går til val på å innføre fritt behandlingsval i Norge. Alle private kommersielle sjukehus som ynskjer det skal få utføre pasientbehandling betalt av det offentlege. I dag er det berre private i avtale med det offentlege som får pasientbehandlinga finansiert over skattesetelen. Høgre og FrP vil fjerne denne reguleringa. Dei går til val på å ta pengar frå det offentlege for å finansiera privat sektor sin konkurranse med dei offentlege sjukehusa. Offentlege sjukehus må då konkurrere med eit stort tal private sjukehus om vanlege pasientbehandlingar. Private tilbydarar i Bergen applauderer dette og er allereie i gang med å planlegge utviding.

 Ei slik marknadsstilpassa sjukehusutvikling vil svekkje det offentlige helsevesen. Det vil favorisere sentrale tilbod der konkurransen er størst.  Lokalsjukehusa vil merke dette sterkt sidan dei allereie er sårbare for å misse pasienttilbod. Skal kostnadskrevjande akuttfunksjonar vidareførast er ein avhengig av å ha medisinske oppgåver å fylle sjukehusa med på dagtid. Det er dette som då vert vanskelegare.  Hille bagatelliserer dette og framstiller Høgre sitt ekstreme privatiserings forslag som noko trivielt som ikkje vil bety den store forskjellen. Det er sjølvsagt feil. Men som på andre politikkområder mumlar Høgre om konsekvensar av eigen politikk. At Erna Solberg no innrømmer at Høgre ikkje sjølv veit kor mykje pengar dette vil koste det offentlege helsevesen, viser berre kor inngripande dette forslaget faktisk er.

 Terje Breivik går i Hardanger Folkeblad ikkje i møte med Høgre og Frp si sjukehusprivatisering. Det er oppsiktsvekkjande. Breivik gir i staden indirekte støtte ved å snakka varmt om regjeringsskifte. Han viser til at Venstre vil støtte innføring av ein nasjonal sjukehusplan. Men dette er gammalt nytt. Alt i 2011 – etter påtrykk frå Sp i regjering – blei det vedteken ein Nasjonal helse- om omsorgsplan der Stortinget sette minstekrav til innhald i lokalsjukehus. Senterpartiet vil vidareutvikle denne planen til ein meir detaljert sjukehusplan for Norge. Vi meiner alle lokalsjukehus skal ha kirurgisk akuttfunksjon. Vi har ikkje støtta utviklinga av såkalla indremedisinske sjukehus, som Odda no står i fare for å bli om føretaket får viljen sin. Det er godt kjent at Senterpartiet var i mot vedtaket om å legge ned den forsterka fødestova, men at fleirtalet ville det annleis.   

 

Det er positivt om  Hille og Breivik vil stå på for Odda sjukehus og andre lokalsjukehus i Hordaland. Då bør dei ta avstand frå forslaget om fritt behandlingsval som vil svekkje det offentlege helsevesenet. Ulykka i Gudvangtunnelen viste nok ein gong kor viktig lokalsjukehus med akuttfunksjon er for den totale beredskap. Ei svekking av det offentlege helsevesen vil vere ein trugsel mot god beredskap. Senterpartiet går derfor til val på å styrkje det offentlege helsevesenet, ikkje det private.