Meny

Språkrettar i språkåret 2013

I det offisielle språkåret 2013 vil Senterpartiet i Sogn og Fjordane peike på det offentlege sitt ansvar for å for å styrke dei skriftspråka vi har.

Alle offentlege etatar er bundne av mållova og har plikt til å svare innbyggarane på dei målføret som

dei nyttar i sin kontakt med offentlege etatar.


Sogn og Fjordane er eit fylke der det nynorske skriftspråket er særs sterkt, men innbyggarane

opplever i mange tilfelle at offentlege etatar ikkje svarar på nynorsk sjølv om dei er pliktig til dette.

Med ei større regionalisering og sentralisering av offentlege etatar der bokmål er rådande skriftspråk,

ser vi døme på at svar som vert sendt frå sentrale delar av organisasjonane ut til brukarane vert

skrivne på bokmål, noko som er i strid med mållova.


Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner at dei offentlege etatane må stramme opp sin praksis og

følgje mållova og ikkje medverke til at lova vert uthola. Språkåret 2013 må nyttast til å auke

bevisstheita rundt kvar og ein sin rett til å utøve sitt føretrekte skriftspråk og det offentlege sitt

ansvar for å oppfylle desse rettane til innbyggarane.